Føremål
BIO-ordninga skal bidra til målretta og tidsavgrensa kompetanseheving i næringslivet i Vestland, slik at verksemdene kan gjennomføre nødvendig omstilling og styrkje si konkurransekraft. I 2026 blir midlane retta mot:
- Grøn omstilling
- Inkludering
- Forsvar og beredskap
- Digital kompetanse
Kven kan søkje?
- Det er berre bedrifter som kan søkje.
- Bedrifta må vere minst to år gammal.
- Tilskotet må gå til opplæring av tilsette med arbeidsstad i Vestland.
- Verksemder som har fått tildelt midlar dei tre føregåande åra vil ikkje bli prioriterte.
- Bedrifter kan ikkje delta i fleire BIO-finansierte prosjekt samstundes.
Her finn de meir om ordninga: