Horisont Vestland inviterer til eit informativt møte om Horisont Europa.
Dato: Onsdag 24. januar
Tidspunkt: kl. 1130-1500, Me startar med ein enkel lunsj
Stad: Meatjønnsvegen 74, Heiane, Stord
Arrangementet gir bedrifter med innovasjonsprosjekt ein unik sjanse til å forstå Europas rammeprogram for forsking og innovasjon. Informasjonsmøtet er relevant for bedrifter som har kapasitet til å delta i store europeiske samarbeidsprosjekt i tillegg til mindre bedrifter med eit klart innovasjons- og utviklingsbehov
Representantar frå Vestland fylkeskommune, Innovasjon Noreg, Katapultsenteret Sustainable Energy, og Maritime CleanTech vil i møtet dele verdifull innsikt og gi tips om relevante utlysingar.
Arrangementet tilbyr også eit besøk og omvising på testsenteret Sustainable Energy.
Deltakarane i møtet vil gis moglegheit til å booke individuelle møte med Horisont Vestland og Innovasjon Noreg for rådgiving eller rettleiing knytt til Horisont Europa programmet.
Informasjonsmøtet gir ein unik moglegheit for bedrifter å engasjere seg i Horisont Europa-programmet, knyte verdifulle kontaktar, og få støtte til å utvikle prosjekt som kan bidra til løysingane på dagens samfunns-utfordringar.
AGENDA:
1130-1200 – Lunsj
1200-1215 – Velkomst og introduksjon til Horisont Europa-programmet – Kate Clarke (VLFK)
1215-1250 – Prosjektmoglegheiter innanfor energi, klima og mobilitetsutlysingar, om partnerskapsutlysingar og akseleratorprogrammet – Trine Smukkestad (IN)
1250-1320 – Påverknad og medverknad, meir om samarbeid og utfordringar – Jan Norbeck (Maritime CleanTech) og Mattias Koch (Sustainable Energy)
1320-1330 – Spørsmål og svar (Q&A)
1330-1400 – Døme frå to bedrifter
1400-1500 – Diskusjon og omvisning på Energy House
Meld deg på HER!