Atheno og Human inviterer til kurs i rekrutteringsmetodikk tysdag 18. november kl. 09-15 i Atheno sine lokale på Vabakkjen.
Å tilsetja rett person er ei av dei viktigaste og mest strategiske investeringane ein organisasjon kan gjera. Treffsikre vurderingar av kandidatar kan vere skilnaden mellom suksess og utfordringar, og ei feiltilsetjing blir ofte kostbart – både økonomisk og for arbeidsmiljøet. Vi tilbyr difor eit praktisk og innsiktsfullt kurs som vil gje deg nye kunnskapar og verktøy i dei viktige prosessane med å finne rett person til rett stilling.
Kurset vil innehalde:
Kvifor delta?
Dette kurset gir leiarar og HR-medarbeidarar ein god moglegheit til å styrka rekrutteringskompetansen sin og unngå dyre feiltilsetjingar. Du får ei heilskapleg forståing av korleis ein profesjonell og strukturert prosess kan auka produktivitet, styrka arbeidsmiljø, redusera turnover og styrka omdøme.
Delta og lær meir om korleis du kan sikra ein treffsikker rekrutteringsprosess som gir verdi både på kort og lang sikt.
Påmelding til reidun@atheno.no om du eller nokon andre i di bedrift ønskjer å delta. Program vert sendt ut ei veke på førehand.
Om konsulenten Edvard Thormodsæter:
Edvard er Partnar i selskapet og har rolla som Head of Recruiting. Til dagleg leiar han heilheita av Human si verksemd innan rekruttering i tillegg til å vera operativ som rådgjevar. Edvard har arbeidd i Human sidan 2017 og har tidlegare erfaring som leiar i verksemder innan bygg, anlegg, entreprenørbransjen og ideelle organisasjonar.
Edvard er utdanna siviløkonom frå NHH med spesialisering i økonomistyring. Han har også vidareutdanning i teknologiutvikling og samfunnsendring frå NTNU. Han har ei rekke sertifiseringer i arbeidspsykologiske tester og er DNV sertifisert rekrutterer.
Edvard har gjennom sin erfaring frå dagleg leiing, styrearbeid og økonomistyring brei og god forståing for leiing og utvikling av verksemder, noko han drar stor nytte av i både rekruttering og rådgjeving.
Edvard bur på Stord har kone, to barn og ein katt og ein hund. På fritida er Edvard ein ivrig fotballentusiast som særleg følger med på et par lag i røde drakter. Han set og særleg pris på ein fint klippa grasplen på feriestaden på Halsnøy, – «perlo’ i Sunnhordland».