
Noreg står framfor ei omfattande oppbygging av forsvarsevna. Dette gir store moglegheiter for industriell deltaking – også i Sunnhordland. For å bli aktuelle leverandørar til forsvarssektoren, må lokale aktørar forstå behova, kravspesifikasjonane og rigge seg strategisk.
Atheno inviterer til eit seminar der vi samlar nøkkelaktørar frå forsvar, næringsliv og offentleg sektor for å kartlegge moglegheiter og drøfte korleis industrien i Sunnhordland kan posisjonere seg.