Arrangement

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Skriveverkstad for SkatteFUNN

29. mai, kl. 09:3014:00

Forskningsrådet kjem til Atheno og skal ta oss gjennom SkatteFUNN og kva dette kan bety for di bedrift, samt skriveverkstad der du kan ha med ein konkret sak frå di bedrift.

Kva er SkatteFUNN?

SkatteFUNN (Skattefradrag for forsking og Utvikling i et Nyskapende Næringsliv) gir bedrifter rett til å føre frådrag over skattemeldinga for utgifter til FoU-prosjekter. Ordninga vert administrert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Skatteetaten.

SkatteFUNN er en rettighetsbasert finansieringsordning som skal motivere fleire bedrifter til å drive med forsking og utvikling. Det at ordninga er rettighetsbasert, betyr at det ikkje er ein konkurranse, men at dette er støtte din bedrift har rett på om dykk oppfyller vilkåra for å motta SkatteFUNN.

For å få ei godkjenning må prosjektet oppfylle krava for å bli definert som FoU i samsvar til skatteloven.

SkatteFUNN har til hensikt å risikoavlaste bedrifter som har eit FoU-prosjekt der målet er å utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess. Ordninga gir bedrifter moglegheit til å føre frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt.

Meir om skatteFUNN her.

Kurshaldar

Rigmor Fardal frå Forskningsrådet skal ta oss gjennom SkatteFUNN og kva dette kan bety for di bedrift.

På skriveverkstaden deltar og Rannveig Litlabø frå HVL og FORREGION Vestland. Rannveig har god erfaring frå forskingsarbeid, hjelper med å konkretisere FoU-element i prosjektet og gir gode råd for søknadsskrivinga.

Agenda

09:30 – 11:30

  • Kva er SkatteFUNN og korleis di bedrift kan nytte dette verkemiddelet
  • Presentasjonar frå lokale verksemder som i dag nytter SkatteFUNN

11:30-12:00

  • Lunsj

12:00-14:00

  • Skriveverkstad. Her får du konkret og direkte hjelp til å komme i gang med å skrive din søknad

Merknader

Det er høve å kun delta på fyrste del  frå 09.30 – 11.30 (informasjonsdelen) dersom det er ynskeleg.

For skriveverkstaden ber vi dykk ta med søknader som er under arbeid, og/eller prosjekter som de tenker kan vere relevante for SkatteFUNN ordninga. Vi vil gå gjennom gode råd for søknadsskriving.

Skriveverkstaden er kostnadsfritt og det er avgrensa plasser på kurset, anbefaler tidleg påmelding for å sikre deg plass.

Påmelding

Påmelding til kjetil@atheno.no

Personvernerklæring og informasjonskapslar

 

VELKOMMEN TIL SKRIVEVERKSTAD!

Detaljar

Dato
29. mai
Tid:
09:30–14:00

Stad

Atheno
Vabakkjen 6
Stord,
+ Google-kart