Atheno arrangerer nytt kurs i praktisk styrearbeid torsdag 11 september 2025. Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Tematikk:
• Styret sin juridiske rolle og ansvar
• Styret sine oppgåver og fokusområde
• Styret sitt samspel med administrasjonen
• Styremøta
• God verksemdleiing
• Styreevaluering
Kurshaldar: Lars Solberg, styreleiar i Atheno
Ta kontakt med Reidun Rykkje på epost reidun@atheno.no for påmelding eller meir informasjon.