Arrangement

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Velkommen til Industritanken 19 november

19. november, kl. 17:3020:00

Korleis skal industrien i Sunnhordland sjå ut i 2030 – og kva gjer me no?

Industritanken er den samlande tenketanken for industrien i regionen. Her jobbar me med kunnskapsutvikling, deler innsikt, knyter industri og akademia tettare saman – og set agendaen for framtida.

Tysdag 19. november inviterer Atheno til ein kveld der me løftar blikket og tenkjer stort:

  • Professor Torger Reve gir oss sitt perspektiv på utfordringsbilete i Sunnhordland og legg vekt på regionalt samarbeid som nøkkel for vidare utvikling.
  • Me presenterer hovudfunn frå Scenario 2030 intervju – kva seier næringslivet sjølv om utfordringar og moglegheiter dei neste åra?
  • Panelsamtale: Sentrale leiarar frå næringslivet og kommunar samlast

Kvifor bør du vere med?

  • Du får innsikt som påverkar strategiske val for bedrifta di.
  • Du blir del av nettverket som formar framtida for Sunnhordland.
  • Du får høve til å påverka – og bli høyrd – når vi set retning for industrien i regionen.

Praktisk informasjon

📅 Dato: 19. november

📍 Stad: Atheno sine lokaler, Vabakkjen 6

Tid: 17:30-20:00

🍴 Lett servering inkludert

🔗 Påmelding til: reidun@atheno.no (frist for påmelding: 16.november)

Arrangementet er gratis.

Detaljar

Dato
19. november
Tid:
17:30–20:00

Arrangør

Atheno AS

Stad

Atheno
Vabakkjen 6
Stord,
+ Google-kart