Atheno prosjektutviklingsfond satsar på ung bedrift frå Rubbestadneset

Sunnhordland Technologies frå Bømlo satsar målretta på Industri 4.0, robotisering og digitalisering. Så spennande er bedrifta at Atheno Prosjektutviklingsfond (PUF) no har gått inn med 500 000 kroner i selskapet.

Sunnhordland Technologies vart starta i 2018 av Torstein Rasmussen og Kurt Magne Kvernøy. I 2019 vart Rubbknitit AS med på laget. Eit selskap som er sterke på automasjon og programmering. 

  • Me i Sunnhordland Technologies arbeider aktivt med å utvikle eit eige attraktivt produkt. Me er no i designfasa, men har allereie fått god respons frå industrien, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. At Atheno PUF også viser oss tillit og satsar på oss, betyr mykje. Det sikrar vidare satsing og styrker moglegheita til å få på plass ytterlegare kapital for FoU-prosjektet vårt, fortel dagleg leiar i selskapet, Kurt Magne Kvernøy.
  • Sunnhordland Technologies har eit godt fundert forretningskonsept. Dei har modna dette over tid og har god marknadsforståing. Gründerane bak selskapet har alle lang erfaring frå industrien og satsar «all in» på Sunnhordland Technologies. Det er summen av dette som gjer at Atheno PUF sitt styre har full tillit til og tru på at selskapet vil lykkast, fortel styreleiar, Lars Solberg.

Fleire satsingsområde

Parallelt med FoU-prosjektet arbeider Sunnhordland Technologies med å hjelpe bedrifter som har behov for å sjå kva moglegheiter som ligg i ny teknologi.

  • For oss er dei fleste bedrifter i det private- og det offentlege næringslivet potensielle kundar. Me trur me kan vere ein viktig bidragsytar knytt til forbetringsarbeid slik at ein kan jobbe meir effektivt og auke produktiviteten. Me har allereie ulike verktøy me nyttar, og me har etablert kontakt med gode samarbeidspartnarar, fortel Kvernøy vidare.

Teamet bak Sunnhordland Technologies har lang og brei bakgrunn innan ulike fagfelt. Produksjon, service, innkjøp, leiing, R&D, programmering, prosjekt, vedlikehald og kvalitet er noko av områda dei kan skilte med erfaring frå. Alle kjem frå industrimiljøet på Rubbestadneset.

Nettverk og sparringpartnar sidan oppstart

Kjetil Djuve er inkubatorleiar i Atheno og har følgt Sunnhordland Technologies sidan oppstarten i 2018. 

  • Gründerane har sett eit behov og eit problem i ein stor marknad som dei meiner dei kan løyse. Det gir stort vekstpotensiale. I tillegg er dei dedikerte til oppgåva og har erfaring og høg kompetanse innan ulike felt. Måten dei har arbeidd på sidan oppstarten gir stor tillit og høge forventningar til fortsetjinga, seier Djuve.

Kvernøy er glad for at det eksisterer nettverk og næringsselskap som Atheno lokalt i Sunnhordland.

  • Me har hatt stor utbytte av inkubatoravtalen vår med Atheno så langt. Me har fått delteke på mange relevante kurs, og fått stor hjelp til å bygge nettverk inn mot Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. Det var og slik dialogen med Atheno PUF kom i gang. I tillegg har dei vore veldig gode sparringspartnarar og rådgjevarar når nye idear har dukka opp, avsluttar Kvernøy.

Fakta Atheno PUF

  • Atheno Prosjektutviklingsfond er eit høgrisikofond som kan vere med å løfte bedrifter gjennom den første og vanskelege vekstfasa, inntil ein har eit salsvolum og ein balanse som tiltrekk seg ordinære investorar.
  • Fondet er heimehøyrande i Sunnhordlandsregionen og satsar hovudsakleg på bedrifter som kjem frå dette distriktet.
  • Viktige moment fondet ser på før investering er at det er ein godt fundert forretningsidé med berekraft i botn. I tillegg er det eit mål at det vert skapt teknologi- og næringsutvikling som igjen resulterer i sysselsetting i Sunnhordland. 

Fakta om Sunnhordland Technologies

  • Selskap stifta januar 2018
  • Arbeider innanfor robotisering og digitalisering
  • Har målsetnad om å redusere produksjonskostnader i bedrifter slik at ein kan hente heim produksjon som er sett ut til lågkostland. 
  • Arbeider med forskingsprosjekt saman med Høgskulen på Vestlandet og Servogear AS (Mobiforsk-prosjekt).
  • Er inkubatorbedrift hos Atheno.
  • https://www.sunn-tech.no

(På bilete: F.v Lars Solberg, styreleiar i Atheno, inkubatorleiarar Kjetil Djuve og Aase Lilleskare Lund. Til høgre dagleg leiar i Sunnhordland Technologies, Kurt Magne Kvernøy.)