Bedriftsutvikling

Atheno har gjennom mange år opparbeidd seg betydeleg kunnskap og erfaring knytt til ulike områder. Dette kjem våre medlemmer og andre bedrifter i Sunnhordland til gode.

Atheno ønsker å bidra til at små og mellomstore bedrifter i Sunnhordland skal lukkast. Målet er å skape vekstbedrifter. Me vil bistå deg og din bedrift gjennom å lette tilgangen til kompetanse, kapital og nettverk.

Rådgivning kan i mange tilfeller skje til subsidiert pris, sidan Atheno er ein del av Siva sitt nasjonale inkubasjonsprogram.

Me tilbyr blant anna bistand knytt til:

  • Strategiarbeid
  • Ulike typar workshops
  • Tilrettelegging av arrangement og konferansar
  • Bedriftsrådgjeving
  • Kompetansehevande kurs og samlingar

Atheno har også eigne fagforum for våre eigarar og medlemsbedrifter. Det er innanfor HR, toppleiarar, kommunikasjon og bygg og anlegg.

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Astrid Kjellevold

Dagleg leiar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Astrid Kjellevold har ein master i Strategisk leiing frå NHH, utdanning som adjunkt, pedagogikk vidareutdanning, styrekompetanse og inkubasjonsleiing.

Astrid har gjennom dei siste 20 åra hatt ulike leiarroller innan næringsutvikling, i hovudsak knytt til forretningsutvikling, prosjektutvikling, strategi og organisasjonsutvikling. Dei siste 11 åra har ho vore dagleg leiar i Atheno.

Gjennom dei siste 10 åra har ho og arbeida med utvikling av leiarkompetanse knytt til både leiarteam og enkeltleiarar, hatt ei aktiv rolle i saker knytt til konflikthandtering og vore mentor for ulike leiarar. Astrid kjører eigne leiarprogram og held føredrag innan ulike tema knytt til leiing og kommunikasjon.