Gründer
Er du gründer og/eller lurer på å realisere ein ide?
Då vil me gjerne ta ein prat med deg. Det startar vanlegvis med ein uforpliktande prat, der du presenterer ideen og planane du har. I samtalen vil me spørje deg relevante spørsmål og gje deg nyttige tips om ting det er lurt å tenke på enten du skal lage eit produkt, utvikle ei teneste, eller starte ei bedrift.
I snitt vurderer me ca. 150 idear årleg. Takk vere våre framsynte samarbeidskommunar Tysnes, Sveio, Stord, Bømlo og Fitjar er fyrste møtet alltid kostnadsfritt for deg.
Dette kan me hjelpe deg med
- Kostnadsfri vurdering av din idé
- Rådgjeving knytt til viktige ting å tenke på ved etablering
- Kontakt opp mot virkemiddelapparatet
- Relevante kurs
- Kontakt med etablerte verksemder
- Nettverksbygging
- Forretningsmodellering
Start-opp
Atheno inkubator bidreg til at oppstart-bedrifter skal lukkast. Målet er å skape vekstbedrifter. Me vil bistå deg og din bedrift gjennom å lette tilgangen til kompetanse, kapital og nettverk.
Dette kan me hjelpe deg med
- Forretningsmodellering
- Marknad
- Strategi
- Kommunikasjon
- Kommersialisering
- Finansiering / investornettverk
- Styrearbeid
- Skalering / internasjonalisering
Rådgivning til oppstart-bedrifter kan skje til subsidiert pris, sidan Atheno er ein del av Siva sitt nasjonale inkubasjonsprogram.