Kurset gir deltakarane ei god forståing av kva ansvar, oppgåver og mogelegheiter som ligg i leiarskap – og korleis god leiing faktisk ser ut i kvardagen. Me tek for oss både den formelle rolla, relasjonen til medarbeidarane og kva som skapar framdrift, trivsel og resultat.
Kurset går over fire dagar og kombinerer fagleg påfyll med verktøy, metodar og konkret trening. Gjennom dagane vekslar me mellom undervising, casearbeid, refleksjon og øvingar.
Etter gjennomført kurs står ein stødigare i leiarrolla, med meir tryggleik og bevisstheit om kva som skapar gode resultat – både for medarbeidarane og organisasjonen