Det viktigaste verktøyet du har i leiargjerninga di, er deg sjølv. Difor står refleksjon, sjølvinnsikt og praksis tett saman gjennom programmet.
- Programmet er retta mot den enkelte leiar og tek for seg både rolle, relasjonar og resultatskaping. Mellom tema som blir løfta fram, er:
- Korleis ein fyller rolla si som leiar i praksis
- Kva som kjenneteiknar god leiaråtferd og profesjonell leiarpraksis
- Evne til å gi retning, setje mål og prioritere
- Evne til å utvikle relasjonar og samarbeidskultur
- Korleis ein skapar engasjement, tillit og arbeidsglede
- Endringsleiing og strategisk orientering mot omgivnadene
I tillegg er det eit tydeleg fokus på leiaren si eiga sjølvoppfatning: meistringstru, sjølvinnsikt og leiaridentitet.
Programmet kombinerer faglege bolkar, metodikk, refleksjon og praktisk trening. Ein arbeider både individuelt, i grupper og på case frå eigen leiarpraksis. Mellom samlingane får deltakarane konkrete oppdrag for å prøve ut nye perspektiv og verktøy i kvardagen.
Som deltakar får du:
- Innsikt i korleis leiaråtferda di verkar på andre
- Kunnskap om kva som er god og nyttig leiaråtferd
- Trening i å utvikle leiaråtferd som er relasjons-, oppgåve- og endringsorientert
- Større tryggleik i rolla, betre gjennomføringskraft og eit språk for leiing
Programmet er særleg retta mot leiarar som:
- Har erfaring i rolla
- Står i komplekse resultat- og relasjonskrav
- Ønskjer å utvikle si eiga leiarutøving vidare
- Ønskjer eit fagleg solid og praktisk orientert program