Inkubator

I Atheno Inkubator får du tett oppfølging når bedrifta di skal vidareutviklast.

Atheno Inkubator identifiserer innovative idear og bidrar til å vidareutvikla og kommersialisera desse til nye selskapsetableringar. Inkubatoren har sitt utspring frå industrien i Sunnhordland, men er som næringslivet elles i konstant utvikling. Difor har vår inkubator i dag deltakarar frå ulike bransjar.

Tett oppfølging, kopling mellom nærings- og kunnskapsmiljø, høg grad av delingskultur og overføringsverdi på tvers av bransjane er nokre av fortrinna ved å vere del av Atheno Inkubator.

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å vite meir om dette.

Som deltakar i Atheno Inkubator får du

  • Tett oppfølging
  • Rådgjeving knytt til forretningsmodellering
  • Moglegheit til å delta på ei rekke kurs og samlingar
  • Tilgang til Atheno sitt kompetansenettverk
  • Høve til å delta i eit inspirerande miljø
  • Hjelp til målretta arbeid for vekst
  • Gode «kollegaer» i andre bedrifter
  • Høve til å nytte vår styrepool og møte investorar
  • Tilgang til møtelokale og kontorplass
  • Kort veg til kontaktar i virkemiddelapparatet som t.d. Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, SIVA med fleire
  • Tilgang til nettverk i andre klynger
  • Unik moglegheit til å treffe potensielle kundar og samarbeidspartnarar

Investeringsfond

Gjennom investeringsfondet Atheno Prosjektutvikling AS er det moglegheiter for tilgang på kapital for selskap i tidleg utviklingsfase.

Det er avgjerande at selskapa vert vurdert å ha tilstrekkeleg sterkt utviklingspotensial. Som i andre investeringsfond vil det ved plassering av midlar bli vektlagt sannsynlegheit for sunn forretning av investerte midlar.

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Portrett av mann

Kjetil Djuve

Inkubatorleiar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Kjetil har 10 års erfaring som forretningsutviklar og over 15 års erfaring innanfor ulike roller i leverandørindustrien til marine, olje og gass. Kjetil har gjennom si erfaring bygd seg opp eit stort nettverk og brei kompetanse innan forretningsutvikling, styrekompetanse og prosjektleiing. Yrkesvegen har han hatt gjennom læretid, fagskule og ingeniørhøgskule. Kjetil brenn for entreprenørskap, utvikling av team, nettverksbygging og næringsutvikling i Sunnhordland.