Astrid Kjellevold har utdanning som adjunkt, pedagogikk vidareutdanning, styrekompetanse, inkubasjonsleiing og ein master i Strategisk leiing frå Handelshøgskulen.
Astrid har gjennom dei siste 18 åra hatt ulike leiarroller innan næringsutvikling, i hovudsak knytt til forretningsutvikling, prosjektutvikling, strategi og organisasjonsutvikling. Dei siste 8 åra har ho vore dagleg leiar i Atheno.
Gjennom dei siste 10 åra har ho og arbeida med utvikling av leiarkompetanse knytt til både leiarteam og enkeltleiarar, hatt ei aktiv rolle i saker knytt til konflikthandtering og vore mentor for ulike leiarar.Astrid kjører eigne leiarprogram og held føredrag innan ulike tema knytt til leiing og kommunikasjon.