I Atheno ser me på leiing som eit praktisk fag som handlar om mennesker, der det viktigaste verktøyet du har som leiar – er deg sjølv. Ditt leiarskap vert til gjennom det du er og det du gjer , det som er ditt råmatriale. Leiarutvikling handlar av den grunn lika mykje om personleg utvikling som fagleg utvikling.
Gode leiarar skaper kraft og retning
Leiing går ut på å oppnå resultat gjennom andre. Om verksemder og organisasjonar skal nå måla sine på ein god og effektiv måte treng ein dyktige leiarar som går føre, set retning, inspirerer, motiverer og ser den enkelte.
For at dagens verksemder skal lukkast med å nå eigne mål og med å møta framtida sine omstillingskrav, må leiarar meistre dei ferdigheitene som er avgjerande for å lukkast.
Øving gjer meister
For å verte verkeleg gode til noko, må me øve. Det gjeld også for leiing. Atheno sine leiarprogram er derfor også ein treningsarena for å prøve ut og reflektere over teoriane, modellane og verktøya som vert presenterte.
Det faglege stoffet vert knytt til og nytta til eigen arbeidssituasjon og leiargjerning. Alle Atheno sine leiarutviklingskurs byggjer på oppdatert, forskingsbasert teori og er utvikla i saman med Universitetet i Bergen.
Atheno har utvikla og kursa leiarar over mange år med stor suksess, og over 250 leiarar har delteke i ulike program.