Medarbeidarstøtte

Av og til står medarbeidarar i situasjonar der dei treng støtte, refleksjon eller vegleiing – men der leiar ikkje alltid har kapasitet, kompetanse eller nøytral rolle til å bidra. Med Atheno si medarbeidarstøtte får tilsette ein trygg arena for å drøfta utfordringar, utviklingsønskje og val ein står i, både fagleg og relasjonelt.

Tilbodet bidreg til betre meistring i kvardagen, høgare motivasjon og mindre slitasje – og kan førebyggja stress, konfliktar og fråvær. For mange er det nettopp ei slik lågterskel støtte som skal til for å halda oppe trivsel, utvikling og arbeidsglede.

  • Individuelle samtalar – Strukturert ein-til-ein for å ta opp utfordringar, mål, rolleforståing eller arbeidsrelaterte dilemma.

  • Sparring og refleksjon – Moglegheit til å tenkja høgt, få nye perspektiv og bearbeida situasjonar med ein nøytral samtalepart.

  • Stressmeistring og robustheit – Verktøy og teknikkar som styrkar evna til å stå i press, prioritera og regulera belastning over tid.

  • Kommunikasjon og samspel – Praktisk støtte knytt til samarbeid, grensesetting, konflikthandtering og vanskelige samtalar.

  • Personleg utvikling – Identifisering av styrkar, utviklingsbehov, motivasjon og vidare karriere- eller rollemodning

  • Psykologisk tryggleik – Eit rom der det er lov å vera open om det som er krevjande – utan negative konsekvensar.

Dette er eit tilbod både til førebygging og utvikling, og kan nyttast som støtte til medarbeidarar i ulike roller og på ulike nivå i organisasjonen.

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Trude Mathiesen

Seniorrådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Trude har variert yrkesbakgrunn, både frå offentleg og privat sektor. Gjennom 15 år som skuleleiar og rektor har ho opparbeid solid leiarerfaring og -kompetanse.

Ho er utdanna pedagog ved Universitetet i Bergen, og ho har vidareutdanning på masternivå innan organisasjon og leiing.

Trude har lang erfaring knytt til arbeid med organisasjonskultur og leiing av lærings- og endringsprosessar. Ho interesserer seg spesielt for menneske si åtferd og utvikling, og for kva som skal til for at me skal fungera best mogeleg både på individnivå og i samspel med andre.