Mentor

- Ein del av Atheno Leiarutviklingsprogrammet -

Individuell leiarutvikling og vegleiing

Ein leiarutviklingsprosess er meir enn fagleg kompetanseheving. Leiarkraft byggjast innanfrå, og godt leiarskap startar med ein trygg indre kjerne. For å verkeleg oppleve seg stødig og robust i leiarrolla, er det viktig å kjenne seg sjølv og å ta eit steg til sida og reflektere over eige leiarskap:

  • Kven er eg – og kven er eg som leiar?
  • Kva er mine styrker og mogelegheiter?
  • Kva er mine utfordringar og utviklingsområde?
  • Kva fungerer, og kva treng eg endra eller utvikle?

I individuelle samtalar legg me til rette for at deltakaren skal oppnå større forståing for eigne og andre sine tankemønster, avgjerder og kommunikasjon, slik at du mellom anna oppnår:

  • Meir sjølvinnsikt og betre evne til sjølvleiing – og dermed betydeleg betring i utføring av eige arbeid, både når det gjeld motivasjon, effektivitet og måloppnåing.
  • Styrka kapasitet og evne til å handtera krevjande kvardagar og krevjande situasjonar
  • Kunnskap om stressmeistring og god grensetjing, slik at ein kan disponera tid og krefter hensiktsmessig.
  • Auka forståing for korleis ein skal leggja til rette for godt samarbeid og samspel
  • Kunnskap om metodar som fremjar effektiv kommunikasjon og høg motivasjon
  • Å stå fram som ein trygg, tydeleg og tillitsskapande leiar

I forkant av prosessen gjennomfører me ein kartleggingssamtale, og med utgangspunkt i deltakaren sine behov og ønske, legg me deretter opp eit personleg tilpassa prosessforløp – både når det gjeld innhald og omfang

Enkelttimar

Me tilbyr også enkelttimar. Dette vera ei god løysing dersom ein står i konkrete utfordringar som ein ønsker å drøfta med ein mentor med tanke på å finna gode løysingar og ein god veg vidare. Dette kan til dømes vera saker knytt til utfordrande avgjerder, konfliktar, gjennomføring av «den vanskelege samtalen» – eller korleis ein skal skapa motivasjon og retning i ei konkret sak.

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Trude Mathiesen

Seniorrådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Trude har variert yrkesbakgrunn, både frå offentleg og privat sektor. Gjennom 15 år som skuleleiar og rektor har ho opparbeid solid leiarerfaring og -kompetanse.

Ho er utdanna pedagog ved Universitetet i Bergen, og ho har vidareutdanning på masternivå innan organisasjon og leiing.

Trude har lang erfaring knytt til arbeid med organisasjonskultur og leiing av lærings- og endringsprosessar. Ho interesserer seg spesielt for menneske si åtferd og utvikling, og for kva som skal til for at me skal fungera best mogeleg både på individnivå og i samspel med andre.