Frå idé til etablering
Å starte for seg sjølv er både spanande og krevjande. Mange gode idear stoppar opp fordi vegen frå tanke til handling kan vere uoversiktleg. Atheno er ein næringslivsaktør som hjelper etablerarar i oppstartsfasen med å skape struktur, retning og framdrift.
Me tilbyr praktisk rådgjeving, sparring, kompetanse og nettverk der det trengst mest, enten du står heilt i starten, eller har kome eit stykke på veg. Hjå oss får du hjelp til å avklare forretningsidé, utvikle berekraftige løysingar og ta gode val for vidare vekst.
Atheno kjenner dei lokale forholda og samarbeider tett med næringsliv, verkemiddelapparat og fagmiljø. Det gjer oss til ein trygg og relevant partnar for deg som vil byggje noko som varer.
I snitt vurderer me ca. 150 idear årleg. Takk vere våre framsynte samarbeidskommunar Tysnes, Sveio, Stord, Bømlo og Fitjar er fyrste møtet alltid kostnadsfritt for deg.
Vekst og utvikling
Atheno inkubator bidreg til vekst og utvikling både for oppstartsbedrifter og etablerte bedrifter. Her tilbyr me rådgjeving som er vekstretta, -med eigne metodikker og verktøy frå Siva sitt nasjonale inkubasjonsprogram. Me vil bistå deg og din bedrift gjennom å lette tilgangen til kompetanse, kapital og nettverk.
I Inkubatoren kan me hjelpe bedrifta di med å planlegge og gjennomføre Dykkar vekstreise,
til dømes gjennom:
- Utvikling av produkt eller teneste
- Utvikling av forretningsplan eller forretningsmodell
- Utvikling av gründer, team, leiing eller styret
- Utvikling av marknadsstrategi/marknadsplan
- Sal til kundar i utlandet (eksport)
- Strategi- eller organisasjonsutvikling
- Berekraftig utvikling
- Digitalisering, inkludert bruk av digitale teknologiar
- Juridiske spørsmål, inkludert IPR (immaterielle rettar)
- Økonomistyring
- Søknader om offentlege verkemiddel
- Tilførsel av privat eigenkapital
Atheno inkubator gir subsidiert pris på rådgjeving.