Vegen fra idé til marknad startar med å la kundane avgjere om idéen din er god. Atheno og Innovasjon Norge inviterer difor til kurset «Frå idé til marknad» slik at du kan lære meir om kva som er smart å tenke på i ein slik prosess. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle idéen din, og korleis Innovasjon Norge og Atheno kan hjelpa deg på vegen.
Kursleiar er Per Arve Frøyen (IN) som har lang erfaring med å rådgje oppstartsbedrifter. Det vert også høve til å ta ein prat med inkubatorleiar Kjetil Djuve og rådgjevar Ole Jacob Eide frå Atheno som vert med på kurset. Atheno tilbyr éin til éin-samtalar med etablerarar/gründerar i kommunane Bømlo, Fitjar, Tysnes og Stord. Det er høve til å avtale tid for eit slikt møte i løpet av samlinga for dei som ynskjer det.
Klikk inn på lenka under og meld deg på no – ja, akkurat no!
Håpar me sjåast. Vel møtt!