Vegen fra idé til marknad startar med å la kundane avgjere om idéen din er god. Atheno og Innovasjon Norge inviterer difor til kurset «Frå idé til marknad» slik at du kan lære meir om kva som er smart å tenke på i ein slik prosess. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle idéen din, og korleis Innovasjon Norge og Atheno kan hjelpa deg på vegen.
Kursleiar er Christopher Rosenkilde (Innovasjon Norge) som har lang erfaring med å rådgje oppstartsbedrifter.
Aase Lilleskare Lund og Agnete Braathen i Atheno kjem også til å vere til stades. Atheno tilbyr éin til éin samtalar med etablerer/günder i kommunane Bømlo, Stord, Tysnes, Fitjar og Sveio. Det vert høve til å avtale tid for eit slikt møte i løpet av samlinga for dei som ynskjer det.
Trykk på linken for meir info og påmelding.
Håpar me sjåast!