14. mars: Seminar om kriminalitet i arbeidslivet

Korleis kan arbeidslivskriminalitet og svart arbeid undergrave samfunnsstrukturen vår og vera konkurransevridande i næringslivet?

Kriminalitet i arbeidslivet har mange former og inngangar, og i ei global verd kjem mange av desse tett på oss i kvardagen. Dei utfordrar vår konkurransekraft og dei utfordrar ikkje minst den tilliten eit seriøst næringsliv er basert på.

Stord Næringsråd, Atheno og Fellesforbundet set fokus på temaet for å skapa bevisstgjering om kva negative konsekvensar utviklinga kan ha, og for å sjå kva me i fellesskap kan gjere for å ta vare på eit seriøst næringsliv og ein stabil samfunnsstruktur.

Programinfo: Invitasjon Stord Næringsråd (002)

Påmeldingslenke: http://www.stordnaeringsraad.no/web.aspx?page=108359&event=26098