Gründer

Lurer du på å realisere ein idé du har?

Då vil me gjerne ta ein prat med deg. Det startar vanlegvis med ein uforpliktande prat, der du presenterer ideen og planane du har. I samtalen vil me spørje deg relevante spørsmål og gje deg nyttige tips om ting det er lurt å tenke på enten du skal lage eit produkt, utvikle ei teneste, eller starte ei bedrift.

I snitt vurderer me ca. 150 idear årleg. Takk vere våre framsynte samarbeidskommunar Tysnes, Sveio, Stord, Bømlo og Fitjar er fyrste møtet alltid kostnadsfritt for deg.

Dette kan me hjelpe deg med

  • Kostnadsfri vurdering av din idé
  • Rådgjeving knytt til viktige ting å tenke på ved etablering
  • Kontakt opp mot virkemiddelapparatet
  • Relevante kurs
  • Kontakt med etablerte verksemder
  • Nettverksbygging
  • Forretningsmodellering

Noko du lurer på? Kontakt oss!

Portrett av kvinne

Agnete Braathen

Prosjektleiar/rådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Portrett av kvinne

Reidun Rykkje

Prosjektleiar/rådgjevar
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Ut elit tellus, luctus nec ullamcorper mattis, pulvinar dapibus leo.
Reidun har i over 30 år arbeidd med nærings- og samfunnsutvikling i Sunnhordland. Reidun har god kompetanse på etablerer rettleiing/oppfølging, tilrettelegging av kurs og konferansar, søknadsprosessar, sakshandsaming og prosjektarbeid.

Gjennom sitt mangeårige arbeidsliv har ho god kjennskap til det kommunale, fylkeskommunale og statlege apparatet.