Klar for stjernestøv og elektrisk magi?

Forskarfabrikkens sommarskule er ei veke med fordjuping i naturvitskap for elevar som skal opp i 5-7. trinn til hausten. Gjennom ei heil veke i august får ungane muligheit til å lære naturfag på ein inspirerande måte.

Tema og tittel for årets sommarskule er «Stjernestøv, elektrisk magi og den usynlige verda». Veka inneheld aktivitetar frå fagområda fysikk, kjemi, astronomi og biologi, og er kopla til læreplanmål for 5.-7. trinn på barneskulen.

– På sommarskulen 2018 skal deltakarane gjere mange forskjellige aktivitetar, alt frå å jakte på mikrometeorittar, dyrke bakteriar, kople elektriske kretsar, lage ballongrakettar og mykje anna spennande, fortel prosjektleiar i Atheno, Nina Østensjø.

Kvar dag vert fylt med ulike eksperiment og aktiviteter inne og ute.

– Hovudmål for veka er at elevene skal ha det gøy og bli inspirert til å lære meir om naturvitskap og mattematikk. Vidare er det ein målsetnad at elevane skal få kunnskap om sentrale emne i naturfag slik at dei har betre føresetnader for å meistre faget i skulen, samt få ei større forståing for naturen som omgir oss, avsluttar Østensjø.

Alle som deltek får sitt eige mikroskop, t-skjorte og vernebriller til odel og eige.

Kontakt gjerne Nina for meir info: nina@atheno.no/926 60 776