Stordkonferansen 9. juni – Me riggar oss for framtida!

Vår leverandørindustri er inne i ein krevjande, men viktig fase der kostnadskutt, effektivisering og omstilling er ein del av kvardagen. Årets konferanse har tema som rettar seg både mot leveransar til norsk sokkel og korleis norsk sokkel kan optimaliserast,  samstundes som me vender blikket mot nye forretningsområder.

Vår leverandørindustri har dei siste 50 åra vist ei enorm omstillingsevne, der forretningsteft og evne til å sjå etter nye muligheiter har sikra ein posisjon og kompetanse i verdsklasse. No er tida inne for å både styrka vår konkurranseevne i eksisterande verksemd, men samstundes utvikla vidare kompetanse og teknologi for å finna nye forretningsområder. Det grøne skiftet og endring i energimiks representerer spanande muligheiter som me ser at fleire verksemder i regionen har grepe fatt i. Dette har også gitt næringsakørane i vår region eit stempel og ei anerkjenning som eit nasjonalt ekspertsenter.

Vignetten for Stordkonferansen 2016 er bygd på arbeidsteikningane til den gamle Goliat-krana til Kværner Stord. Eit symbol på at framtida er tufta på arbeid lagt ned gjennom mange tiår.

Når me riggar oss for framtida er det med vissheten om at leverandørindustrien evnar å snu seg mot nye marknader, og utvikle nye produkt. Og ikkje minst evnar å gjennomføre store prosjekt til avtalt tid og pris.

Stordkonferansen den 9.juni 2016 er den 17. i rekka og vert arrangert  på Stord Hotell.

Sjå Stordkonferansen.no for meir informasjon og påmelding.