Under overflata | Eit inkubatorportrett

På Tysnes har ein gjort seg nytte av det ein kan hauste frå havet i hundrevis av år. Notida set nye krav til dei som skal hauste frå den blå åkeren. Fortøyingar til laksemerdar. Fjellboltar på djupt vatn. Alt dette og mykje anna må vere i orden om ein skal lukkast som oppdrettarar. Og det er her Njord Aqua AS kjem inn i bilete.

Ei bedrift som starta seinhausten 2015. To hardtarbeidande Tysnesingar med lang fartstid frå offshorebransjen står bak satsinga. Målet er å vera ein føretrekt leverandør av undervasstenester til havbruk og kystnær industri ved hjelp av fjernstyrt teknologi. Me i Atheno har trua på både tenestene og Erling og Trond som satsar. Difor er Njord Aqua AS også teken opp i Atheno Inkubator. Me gler oss til å følgje dei to gründerane framover.

Gründer: Erling Aarvik Borgen

[gc layout=»2/3″ separator=»|» tag=»div»]
Frå: Tysnes
Bakgrunn: Utdanna automatikkmekanikar. Har arbeidd i Aker Elektro AS og Accpron AS. Gjekk gradene som Rov-pilot frå trainee til supervisor.
Atheno inkubatorbedrift: Njord Aqua AS. Eigd og drive av Erling Aarvik Borgen og Trond Hartvig Bakkane.

Kva er bedriftsideen til Njord Aqua AS?
Det er å tilby undervasstenester til havbruk og kystnær industri med hjelp av fjernstyrt teknologi.

Er det ei spesiell årsak til at de vart gründerar og satsa på akkurat denne ideen?
Grunnen var at eg og kollega Trond sto i fare for å bli arbeidsledige på grunn av nedgangen i oljebransjen.

Kva skil dykk frå konkurrentane?
Hovudskilnaden er den bakgrunnen og kompetansen me har opparbeidd oss gjennom krevjande oppdrag offshore.

Mange ser på det å etablere ei bedrift som ein krevjande prosess. Kva ser du på som dei største utfordringane med å drive eigen verksemd?
Det er kapitaldelen. Og det å få tillit hos kunden og på den måten få til det fyrste salet.

Men det er vel nokre fordelar og?
Ja! Når ein driv eigen verksemd får ein jo utfordra seg sjølv heile tida. Det er bra. Og sjølv om det er ei stupande bratt læringskurve, så er det veldig spennande og lærerikt.

Kva ambisjonar har de for bedrifta?
Me har vekstambisjonar. Men det aller viktigaste for oss er å skape ei levedyktig bedrift som består.

Har betyr det for Njord Aqua AS å vera del av Atheno Inkubator?
Det har betydd at me er komen her me er i dag. Atheno har vore ein viktig og god støttespelar i denne fyrste vekstfasa. Gjennom Atheno har me fått tilgang på eit stort nettverk og nyttig, relevant rådgjeving.

Har du avslutningsvis eit godt råd til andre som vurderer å starte eigen bedrift?
Ver tålmodig!

|

Erling – litt privat

Familie: Sambuar og far til to jenter
Les: Lokalavisa og ulike nettaviser
Høyrer på: P3 Morgen og all mogleg musikk
Ser på: Seriar og dokumentarar
Blir inspirert av: Ungane
Drømmer om: Eit godt liv utan for mykje å bekymre seg for.
Fritidssyssel: Ølbrygging
Kjører: Subaru Forester

[/gc]