Kontroll på kontrollane | Eit inkubatorportrett

Ove Steinsland er kjend for å bryte bølgetoppane på eit lite seglbrett i høg fart, og for å danse ned dei brattaste fjellsidene på laussnøski. Men siste året har mesteparten av tida gått med til å bygge opp si eigen bedrift saman med kamerat og tidlegare jobbpartnar Bernth Torsvik. Dei har utvikla eit digitalt verktøy som blant anna vil kunne gjera el-kontrollar mykje meir tidseffektive enn i dag. 

Før produktet er heilt ferdigstilt har dei allereie hausta mykje godord og fått kundar som er klare til å ta nyvinninga i bruk. Også svenskane har vist interesse. For dette verktøyet kan vidareutviklast til ei rekke områder. Målet for Ove og Bernth er at kundane skal nytte mindre tid og få betre kontroll på kontrollane. Det er dei godt i gang med!

Gründer: Ove Steinsland

[gc layout=»2/3″ separator=»|» tag=»div»]
Frå: Kvinnherad/Stord
Bakgrunn: Utdanna bygningsingeniør og har også mellomfag i informatikk. Starta eigen bedrift i 1997, men byrja i 2007 å arbeide i Wärtsilä som softwareutviklar. Starta i 2016 ny bedrift.
Inkubatorbedrift: Har etablert Software Control AS saman med Bernth Torsvik frå Sotra.

Kva er bedriftsideen til Software Control AS?
Det er å lage eit digitalt verkty for kontroll og inspeksjon, med eit klart mål om å redusere administreringsarbeidet.

Kva var årsaken til at du vart gründer og satsa på akkurat denne ideen?
Eigentleg er dette idé som eg og Bernt har hatt lenge. Den vart børsta støv av i samband med at eg mista jobben min då min tidlegare arbeidsgjevar måtte redusere talet på tilsette.

Har de mange konkurrentar til det digitale verktøyet de har laga?
Nei, eigentleg ikkje. Så vidt me kjenner til så finnest det ikkje noko liknande produkt på marknaden per i dag.

No har de drive selskapet ei stund. Kva ser du på som den største fordelen med å drive eigen «butikk»?
Det må vera at ein kan styre kvardagen sjølv, og at det er veldig kjekt å få til noko som folk har bruk for. Me har fått svært mange gode tilbakemeldingar frå kundar og selskap som kan nytta vår løysing.

Ser du openbare utfordringar med å drive eigen verksemd?
Største utfordringa er at det er mykje jobb som skal gjerast. Utviklinga av produktet tek nesten all tida mi. Brettsegling og skikøyring er den store lidenskapen på fritida. Det har det blitt lite tid til siste året.

Sidan de legg mykje tid i dette har de vel også ambisjonar for selskapet?
Ja, det har me. Me har som målsetnad å skape 3–4 solide arbeidsplassar i løpet av 2–3 år.

Nesten sidan oppstart har de vore del av Atheno Inkubator. Kva ha de betydd for dykk?
Det har vore veldig viktig. Det er stor skilnad på å sitte på eit heimekontor og det å sitte i inkubatorlokala til Atheno. Her er det eit godt miljø og eg har fått «kollegaer» eg ikkje hadde før. Og det er veldig låg terskel for å diskutere med andre gründerar og få rådgjeving frå dei tilsette i Atheno.

Har du avslutningsvis noko råd til andre som vurderer å starte eigen bedrift?
Det må vere å lage eit team som kan skape eit produkt saman og som har inngåande kunnskap til kunden sine behov.

|

Ove Steinsland «heilt privat»

Familie: Far til tre jenter.
Les: Pocketbøker i kategorien krim.
Høyrer på: Mykje rart. Er blodfan av Kent og Røyksöpp.
Ser på: Gode påkosta Hollywood-produksjonar.
Køyrer: Peugeot Partner.
Fritid: Ski og brettsegling.
Blir inspirert av: Folk som får ting til.
Drømmer om: Ta fri eit heilt år og ta med jentene på segltur langs heile Norskekysten (med ski på dekk).
[/gc]