Brevskrivaren | Eit inkubatorportrett

For nokre år sidan sat ein gutunge på 14 år på Varaldsøy og skreiv brev til seg sjølv. Innhaldet var målretta og det inneheldt hemmelege opplysningar. Om han sjølv. Og framtida. – Eg skal starte mi eigen bedrift når eg blir stor! Ja, det sto det. No er guten godt vaksen. Og karen er blitt bedriftseigar saman med tre andre. Ein målretta bedriftseigar og gründer.

Namn: Stian Djuvsland
Frå: Varaldsøy i Kvinnherad. Bur på Stord.
Bakgrunn: Har bachelor i informasjonsteknologi. Har tidlegare arbeidd som programvareutviklar i Palantir og Wärtsilä.
Inkubatorbedrift: Funkworks AS

Gründer: Stian Djuvsland

[gc layout=»2/3″ separator=»|» tag=»div»]
Kva er bedriftsideen dykkar?
I hovudsak er det å laga system som forenklar og effektiviserer digitale arbeidsprosessar i alle typar bedrifter. Med vår systemløysing kan ein knyte saman eksisterande program og tenester. Gevinsten er ein enklare og meir effektiv arbeidsdag for alle tilsette i bedriftene som nyttar systemet.

De er jo fleire som eig Funkworks AS saman. Men du er den som arbeider med dette på fulltid. Kva var årsaken til at du vart gründer og satsa på akkurat denne ideen?
Som nemnt innleiingsvis så bestemte eg meg allereie då eg gjekk på ungdomsskulen at eg skulle starte eigen bedrift. Eg hugsar godt at eg skreiv brev til meg sjølv. Og slik gjekk det. Det er utruleg kjekt å få laga noko unikt og velfungerande som andre kan nytta i arbeidskvardagen.

Mange jobbar jo med ulike digitale løysingar. Kva skil ditt dykkar produkt frå konkurrentane sine?
Me har utvikla vårt eige rammeverk som er svært fleksibelt og bransjeuavhengig. Når me då i tillegg skreddarsyr løysingar basert på dette til dei einskilde bedriftene, så sit me att med eit unikt digitalt produkt som er både kjapt og intuitivt å nytta.

Har det vore ein stor overgang frå å vera tilsett til å vera sin eigen arbeidsgjevar?
Det er klart at det er meir utfordrande. Som liten nystarta bedrift er ein meir sårbar. I starten er det eit «jag» etter midlar. Og heilt avgjerande å få treffe dei rette kundane og få gode referansar.

Kva ambisjonar har de for Funkworks AS?
Internasjonal ekspansjon!

De har jo vore del av Atheno Inkubator sidan i haust. Kva har det betydd?
Som del av inkubatoren har me fått god hjelp og utvida nettverk. Ved å sitte i inkubatoren dreg ein også god nytte av kvarandre og kunnskapen dei forskjellige grunderane har. Det er heilt klart skilnad på å sitte på heimekontor og å sitte i Atheno sine lokale.

Har du lyst å gje eit råd til andre som vurderer å starte eigen bedrift?
Sjekk ut om du er genuint interessert i ideen du ynskjer å realisere. Er du det er det vesentleg betre sjansar for å lukkast trur eg.

|

Stian – litt privat

Familie: Kona Marte Cecilie
Les: Biografiar
Høyrer på: Alt frå progrock til klassisk. Archive er ein favoritt.
Ser på: Science fiction-filmar og tv-seriar
Blir inspirert av: Musikk. Og å gå tur.
Drømmer om: Suksess
Fritid: Volleyball, fiske, ølbrygging og kokkelering. I tillegg er eg oppteken av dyrevern og med i FRP sitt lokallagsstyre.
Køyrer: Volvo V70
[/gc]