Ferdig skanna | Eit inkubatorportrett

Bølgene minner om store hus der dei kjem veltande over reketrålaren. I Barentshavet er det svart. Beksvart. Ute på dekket står ein ungdom og arbeidar med trålen. Det er ein kamp om å halda seg på beina. Men guten er sta og iherdig. Sjølv om det iskalde saltvatnet piskar han i ansiktet, står han på. Den brutale starten på arbeidslivet har nok forma den unge mannen. Innsatsen vart lagt merke til då – og seinare. Kunnskap og innsats har opna dører. No har han sjølv opna ei ny. Gründerdøra.

Namn: Kay Helge Hansen
Frå: Dimmelsvik/Stord
Bakgrunn: Reiste som 15-åring på brislingfiske. Deretter dekksmann på reketrålarar i Barentshavet før han gjekk i land. Byrja deretter i arbeid på Aker Stord AS. Tok fagbrev som industrimalar og fekk raskt leiaroppgåver. Desse eigenskapane vart oppdaga av nokre tilsette i Apply Capnor AS på eit oppdrag i Nordsjøen. Lite visste han om at servicen han ytte på eit overtidsskift skulle resultera i at han seinare vart headhunta til selskapet som var ekspertar på 3D skanning. Var operasjonssjef i selskapet då oljekrisa slo til og selskapet måtte gjera store reduksjonar i bemanninga.
Inkubatorbedrift: Asis 3D AS

Gründer: Kay Helge Hansen

[gc layout=»2/3″ separator=»|» tag=»div»]

Kort fortalt Kay Helge: Kva er bedriftsideen din?
Det er blant anna å bruke dronar til skanning og dokumentasjon på vegprosjekt og liknande. I tillegg vil eg sjølvsagt nytta kunnskapen min knytt til 3D – skanning av bygg og mykje anna.

Kva var årsaken til at du vart gründer og satsa på akkurat denne ideen?
Årsaken var jo at eg måtte forholda meg til ein ny kvardag. Eg er ikkje av typen som sit «på rævo», seier Kay Helge og smiler. – Det er viktig for meg å prøva å skapa noko!

Kva skil di teneste frå konkurrentane sine?
Medan mange innan oppmåling nyttar tradisjonelle manuelle metodar for oppmåling, ynskjer Asis 3D AS å kunne gjere masseberekning med drone for å nemna noko. I tillegg ligg det ein stor potensiell marknad i bygg og ombyggingar av desse. Til dømes er det ingen ombyggingar som vert gjort på plattformer i Nordsjøen utan at ein nyttar 3D-skanning.

No har du nyss starta eigen bedrift. Har du sett nokre klare fordelar med å drive eigen «butikk»?
Eg har jo blitt tvungen til å tileigna meg enno meir kunnskap om teknologien eg nyttar. Og det er ikkje tvil om at ein vert skjerpa og motivert av å driva si eigen bedrift. Dessutan har eg fått utvida nettverket mitt betydeleg.

Har du støtt på utfordringar undervegs?
Det er ei utfordring å ha nok tid, gjere gode prioriteringar mellom jobb og fritid, og så er det sjølvsagt dei økonomiske aspekta knytt til det å driva eigen verksemd.

Kva ambisjonar har du for bedrifta di framover?
Det er at Asis består også om fem eller ti år, og at eg klarar å serve lokale bedrifter i regionen med ei teneste som er kostnadsparande for alle partar.

Du kom i kontakt med Atheno i haust. Kva har det betydd for deg å vera ein del av Atheno og Atheno Inkubator?
Eg deltok på mange av Møteplass A-møta i haust. Det betydde svært mykje. Her fekk eg møte andre som ynskjer å få ting til, noko eg synest er svært inspirerande. Eg fekk også delt erfaringar og utfordringar med andre i same situasjon. Å vera deltakar på Møteplass A og vera del av kontorfellesskapet i Atheno har i tillegg gitt meg eit verdifullt og utvida nettverk.

Har du avslutningsvis nokre råd til andre som vurderer å starte eigen bedrift?
Stå på og ha tålmodighet! I tillegg vil eg understreka viktigheten av å ha evna til å selje ideen sin, tilpassa seg marknaden og lytta til kunden. Då trur eg det er store sjansar for å lukkast!

|

Kay Helge – heilt privat

Familie: Sambuar og far til tre vaksne ungar.
Les: Krim og faglitteratur.
Høyrer på: Rock og blues. Joe Bonamassa er ein av favorittane.
Ser på: CNN. Engelsk og svensk krim, samt gode Hollywood-produksjonar.
Blir inspirert av: Folk med ståpåvilje. Og dei gamle industribyggarane, der kapital var eit verktøy og ikkje eit mål.
Drømmer om: – Lange seglturar der sjølve turen er målet.
Fritid: Tek gjerne ein helgetur i kajakken. Segling er også ei stor interesse, men er for augneblinken «Skipper Skutelaus».
Kjører: Volvo V60
[/gc]