Dei enorme bølgene bryt mot plattformskroget. Veret og den dårlege sikten gjer det umogleg for helikoptera å lande på helidekket. Det er berre ein måte evakuere dei om bord på. Via Tectrans sitt teleskoprøyr der offshorearbeidarane kan gå tørrskodd ned på akterdekket til supplybåten som ligg stabilt på plass. I det sistemann er trygt om bord lettar teleskopet frå akterdekket, kapteinen gir full gass framover og båten beveger seg sakte og duvande framover gjennom dei enorme vassmassane. Situasjonen er under kontroll. Tectrans-løysinga løyste den farlege situasjonen smertefritt.
Bilettekst toppbilete: Oppfinnnar Trond Hystad (t.h) står bak to nye produkt som Tectrans AS held på å utvikle.
Gründerbedrift: Tectrans AS
Bakgrunn: Oppfinnar Trond Hystad har i mange tiår vore oppteken av tryggleik for offshorearbeidarar, og sett på alternativ til evakuering av personell. Dette er bakgrunnen for oppfinninga.
Prosjektleiar: Kåre Spissøy
Bedriftslokalisering: Stord
Gründerbedrift: Tectrans AS
Kva er bedriftsideen til Tectrans, Kåre Spissøy?
Hovudideen er avanserte løysningar for transport av folk. Og å gjere det enklare, sikrare og rimelegare enn eksisterande løysingar på marknaden.
Kva type produkt er dette?
Det er to produkt med liknande eigenskapar. Det eine er ei bruløysing for persontransport, det andre er eit røyr som er veleigna med tanke på transport og evakuering frå til dømes flytande installasjonar.
Er dette produkt som krev patentbeskyttelse?
Ja, og me har allereie fått patentert den eine løysinga. Den andre ventar på godkjenning.
Kva seier aktørane i marknaden om produkta?
Eg kan røpe at me er i dialog med internasjonale industrielle partnarar. Og me har fått svært gode attendemeldingar.
Så gode at de er byrja å gje tilbod på nokre prosjekt?
Ja, me har gitt tilbod om produktet til store aktørar, med svært store prosjekt på gang. No arbeider me med vårt uttalte mål om å ha klar ein 1:1 prototype av den eine oppfinninga innan eitt år.
Prosjektleiar Kåre Spissøy synes det er svært motiverande å få høve til å vere med på å vidareutvikle produkta til Tectrans.
Trond Hystad kom med ideen for mange år sidan. Men kva tidspunkt byrja «ballen å rulla»?
Trond har jo laga ein modell som han har montert på kjøkkenet heime. Denne danna grunnlaget for vidare utvikling. I juni hadde me ein svært god workshop over to dagar hos Atheno. På mange måtar vart det ein kickoff for den vidare satsinga fram mot der me er i dag.
I kva grad betyr det for eit selskap som Tectrans å kunne spele på lag med ulike aktørar i verkemiddelapparatet?
Svært mykje. Atheno har vore viktig medspelar både på workshop, rådgjeving undervegs, og som støttespelar i samband med møter med internasjonale aktørar og patentingeniørar. Og så har det sjølvsagt vore kjempeviktig at me har fått tilgang til nettverket til Atheno. I tillegg betyr det mykje at Innovasjon Norge har gitt støtte til prosjektet. Det gir oss ein ekstra trygghet og stadfesting for at me er på rett spor.
Kva personlege eigenskapar har dei som er involvert i selskapet?
I Tectrans har me jo blant anna gründerkompetanse, administrasjonskompetanse og toppleiar-kompetanse. Viktige element for god framdrift slik eg ser det. I sum utgjer dette eit solid nettverk.
Det er lett å tenke at dette hovudsakleg er produkt som er eigna i offshorebransjen, men det finnest vel ein større marknad?
Det gjer det heilt klart. Offshorebransjen er ikkje vårt hovudsatsingsområde. Me satsar vel så mykje mot veksande maritime bransjar som offshore vindmølleparkar og oppdrett. I tillegg vil produkta kunne vere svært anvendelege for forsvaret, ved nødhjelpsarbeid, sivil tryggleik ved naturkatastrofar, og i turisme. Eg trur ikkje me heilt har klart å kartleggja alle moglegheitene enno.
Du verkar oppriktig engasjert?
Ja, det å få vera med å utvikle eit selskap som Tectrans, som arbeider med grunneleggande tryggeleik er motiverande. Svært motiverande!