Forskarfabrikken sin sommarskule 2017

Glitrande krystallar, skjelettforskning og ville eksplosjonar! Ein annleis sommarskule full av eksperiment og leiken matematikk! 

Interessert i eldgamle fossil? Eller kva med å lage heftige vulkanar og undersøke mystiske skjelett? Det er på Forskarfabrikken det skjer. I sommar. Og dei som er inviterte er jenter og gutar frå 5. – 7. trinn.

Forskarfabrikken er ei unik sommaroppleving ein seint vil gløyme. Sjølve fabrikken held til på Høgskulen på Vestlandet i veke 32.

– Me har fått veldig mange positive attendemeldingar frå tidlegare år. Så difor ynskjer me å tilby Forskarfabrikk i år også, fortel prosjektleiar Nina Østensjø i Atheno.

[ KLIKK HER FOR PÅMELDING]

For femte gong
Sommarskulen 2017 er eit samarbeid mellom Atheno, Kværner og Høgskulen på Vestlandet (HVL), medan det er Forskarfabrikken som står for det faglege og sjølve gjennomføringa.

– Det er 5. året me tilbyr Forskarfabrikken sin sommarskule her på Stord. Dette er eit spennande alternativ til fotball- eller handballskule og veldig lærerikt for dei ungane som deltek, slår Østensjø fast.

Kurset fylgjer skulen sin læreplan for 5. – 7. trinn i naturfag.


Holger Iversen (Kværner), Nina Østensjø (Atheno) og Svein Ove Eikenes (Høgskulen på Vestlandet) håpar mange ungar blir med på årets Forskarfabrikk. Påmeldinga er no opna.


Motivasjon- og inspirasjonsarena

Hos Kværner ser dei på Forskarfabrikken som ei motivasjonsarena for dei unge.

– Kværner er opptatt av å stimulere til at lokal ungdom blir nysgjerrig på realfag. På denne måten sikrar me eit potensielt rekrutteringsgrunnlag for framtida, seier Holger Iversen.

Informasjonssjef Svein Ove Eikenes for HVL på Stord og i Haugesund ynskjer også at Forskarfabrikken skal inspirera. – Me har vore med sidan starten og har stor glede av å vera med på laget. Me treng fleire forskarspirar i regionen vår, og då er dette og dei andre kursa gode tilbod, slår Eikenes fast.


Praktisk informasjon og pris

Sommarskulen er lik den som vart halde i 2015. Kurset går over 5 dagar i veke 32 (7. – 11. august), måndag til fredag, kl. 09.00 – 15.00. Oppmøte kvar dag kl. 08.50. Deler av kurset vert halde utandørs. Ha med klede som passar for véret. Ta med niste og drikke kvar dag.

Pris pr. elev er kr. 2.200. Syskenmoderasjon er 30% (kr. 1.560). Ver merksam på at antal plasser er begrensa, og at «fyrstemann til mølla» gjeld.

Alle deltakarane får steinsett med ekte krystallar og bergartar, forskarbriller og t-skjorte til odel og eige!

Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon, kontakt Nina Østensjø (926 60 776/nina@atheno.no)

Last ned informasjonsark om Forskarfabrikken sin sommarskule 2017 her ]

 


KLIKK HER FOR PÅMELDING