Kva er kreativitet og innovasjon? Går det an å arbeide kreativt i team? Og korleis kan me implementere dette i vår bedrift? Sentrale spørsmål som fleire har fått kjennskap til denne våren.
Bilettekst toppbilete: Morten William Knudsen veit å engasjere forsamlinga.
Å fremje kreativitet og skaparkraft vil vere ein av dei viktigaste oppgåvene i framtida. Områda bør ikkje avgrensast til tilfeldig ad-hoc arbeid eller kortsiktige skippertak. Difor har Atheno teke initiativ til å skape og gjennomføre kurssamlingane «Kreativitet & Innovasjon i bedrift». Både Kværner, Apply Leirvik, Opero, Sydvest og HMR Husnes er alle representert med engasjerte deltakarar.
– Kultur for kreativitet og innovasjon bør ligga som eit grunnlag i ei kvar bedrift. Me i Sunnhordland må bli like god på dette området som me har vore på å bygge fagkompetanse gjennom generasjonar, seier prosjektleiar Nina Østensjø hos Atheno.
Øyvind Kyvik er ein av dei som har delteke på Atheno-samlingane.
– Eg vart med for å få trene mine kreative og innovative musklar. Eg har lært meg nye måtar å tenke på som eg kjem til å ta med meg vidare til Kværner. Eg trur noko av nøkkelen til at kurset held høg kvalitet, er at Atheno har fått inn dyktige og motiverande foredragshaldarar som held topp nasjonalt nivå, konkluderer Kyvik.
Kreative øvingar får fram smilet.
Østensjø stadfestar at det er blitt jobba grundig med kva forelesarar ein skulle få med seg på samlingane.
– Me er både heldige og stolte over at me har klart å knyte til oss så utruleg dyktige samarbeidspartnarar som Morten William Knudsen frå BI, Erik Lerdahl frå Slagkraft og Olav K. Olsen frå UiB. Me har fått svært gode tilbakemeldingar frå mange av kursdeltakarane. Dei opplever den nye kunnskapen som spennande og relevant å nytte i eigne verksemder.
Kurset har gått over fem dagsamlingar sidan i mars. Siste samling gjekk av stabelen denne veka. Tenker du at dette kunne vera noko for deg eller di bedrift? Ta gjerne kontakt med Nina for å få vite meir. Det er planlagt ny kursrekke for «Kreativitet og innovasjon i bedrift» hausten 2017.
Noregs einaste professor i kreativitet, Erik Lerdahl frå selskapet Slagkraft har vore ein av innleiarane på kurset.
Gruppearbeid med «ukjente» er del av opplegget.
Olav K. Olsen instruerer deltakarane.