Atheno og våre klyngepartnarar i Sunnhordland tek nye grep for å sette lokal industri i stand til å oppretthalde si konkurransekraft. Målet er å gjere kommande generasjonar lokale industriarbeidarar i stand til å ta i bruk nye teknologiar og slik skape eit konkurransefortrinn i regionen.
I eit spleiselag mellom Atheno, våre klyngepartnarar og Hordaland Fylkeskommune, vert det no sett i gong eit prosjekt som skal arbeide målretta med korleis ein kan ta i bruk ny teknologi i industriell prosjektdriven produksjon.
– Det vert arbeidd veldig godt i klynga vår for tida. Eg føler me spelar kvarandre gode, noko som er veldig kjekt å sjå. At Hordaland Fylkeskommune no er med og støttar dette prosjektet med inntil 1,9 millionar, synes eg er framsynt og eit veldig positivt signal frå fylket, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.
Nasjonal posisjon
Fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal, ser stor verdi av at industrien i Sunnhordland set desse viktige endringsprosessane på dagsorden.
– Me ynskjer at regionen tek ein nasjonal posisjon på dette området. Ei sterk klynge vil kunne stadfeste sin posisjon heilt i verdstoppen i gjennomføringa av krevjande industriprosjekt, og vere i angrepsposisjon for å sikre nye store prosjekt, påpeikar Sandal.
Samarbeid på tvers
Klyngepartnar Kværner er svært positivt innstilt til det nye prosjektet.
– Det er heilt avgjerande for oss å ha dei mest kompetente fagarbeidarane for å vera konkurransedyktige i ein internasjonal marknad. Når me kan arbeide målretta saman med Atheno og dei andre i klynga om dette prosjektet er det ein vinn-vinn situasjon for alle partar, slår administrerande direktør i Kværner, Steinar Røgenes fast.
Styreleiar i Atheno, Lars Solberg, er klar til å sette i gong prosjektet omgåande.
– Industriklynga i Atheno står for nær halvparten av verdiskapinga i regionen og er særdeles viktig i forhold til arbeidsplassar og utviklinga av næringslivet generelt. Den grunnleggjande store fagkompetansen me har i regionen, dei nye digitale moglegheitene, og den store viljen til å skape resultat hjå klyngepartnarane våre, gjer det ekstra motiverande å arbeide med dette framover, avsluttar Solberg