Den hardtarbeidande gründeren frå Kairo

Ballen dunkar taktfast mot det harde underlaget. Nokre frekke finter og motstandarane ligg strødd. Gutungen finn vegen mot korga. Bang! To poeng. I bakgrunnen høyrest applausen og storbylarmen. Kairo søv aldri.

 

I inkubatoren hos Atheno på Stord sit ein kar fullt konsentrert på eit lite kontor fullt i skjermar og duppedingsar. Han driv sin eigen business. Og han driv den godt. Nour Elhattab er elektroingeniøren frå Egypt som nokså tilfeldig hamna på Stord, og som med selskapet sitt Energi5 oppnådde million-omsetnad allereie første driftsår.

– Produkta eg tilbyr vil kort fortalt redusere energiforbruket hos mine kundar. Enten det er i bustadhus, bedriftsbygg, eller andre sektorar der kostnadsreduksjon knytt til energibruk er ynskjeleg, fortel Nour Elhattab.

 

Internasjonal marknad

Og fleire og fleire har oppdaga nettstaden energi5.com. For det tikkar inn nye ordrar dagleg. Små og store. Nokre frå Noreg, men dei fleste frå utlandet. USA, Canada, Europa og Midtøsten. Og Bergen. Av enkelte også definert som eit eige land. Og det var der den største kontrakten vart «landa» tidlegare i haust.

– Eg vart kontakta av Hordaland Fylkeskommune via Apply TB på Stord. Fylkeskommunen ville ha eit system som kunne redusere forbruket på bussane, blant anna ved å redusere tomgangskøyring. Det handla også om oppstart av bussar om morgonen og automatisk stoppe dei når dei var effektive og varme nok.

 

Nour tok utfordringa på strak arm. For ei slik løysing fantes ikkje på marknaden. Elektroingeniøren såg fort moglegheita til å lage ein prototype med Carlo Gavazzi-produkt som han sjølv er forhandlar for. Den endelege løysinga vart levert til den nye bussterminalen på Bømlo. Og det fungerte veldig bra.

– Representantane frå fylket var så nøgde at dei no vil integrere produktet fleire stadar. Så no skal eg levere hardware og software til 100 bussar i Hordaland. Og eg håpar det vert fleire også utanfor fylkesgrensene.

 

At fylkeskommunen skulle gå for hans løysing var det ikkje noko automatikk i.

– Eg er veldig glad for at dei gav Energi5 tillit til å levere denne løysinga, og Apply TB for den inngangen dei gav selskapet mitt i startfasen av prosjektet.

 

Crazy nabolag

Den unge guten kastar bagen over skuldra. Dagens kamp er over. Han dunkar ballen i asfalten i det han troklar seg forbi travle innbyggarar i Kairo. Det bur fleire menneske per kvadratkilometer i Kairo enn det bur folk i Bømlo, Fitjar og Stord kommune til saman. Tjue år seinare står ein liten gut med krøllete hår og dunkar ein fotball mot ein vegg saman med  kompisar på Solid sin bane i Hustredalen. Det er eldste guten til Nour og kona Sara.

– Å vekse opp i Kairo som er ein svært travel by er ein stor kontrast til livet på Stord. Me budde i ei leilegheit i ei blokk då eg var ung. Det var eit crazy nabolag, fortel Nour og ler. Det var veldig tett med folk og butikkane stengde aldri. Men det var kjentfolk overalt i nabogatene, noko som kanskje er litt spesielt i ein millionby. Her på Stord er det god plass overalt. Kontrasten frå ungane sin oppvekst til min eigen er ekstremt stor!

 

Trivest i Sagvåg

Nour Elhattab har «landa». I alle fall inntil vidare. At familien trivest og at ungane har gode vener i nabolaget i Sagvåg ser han som avgjerande. Og at han får vera del av Atheno sitt inkubatormiljø på Vabakkjen.

– Her hos Atheno har eg «kollegar» i dei som sit rundt meg. Og eg har tilgang på rådgjeving og eit stort nettverk i inkubatoren, fortel han.

 

I vinter vart han invitert til hovudkontoret til Carlo Gavazzi i Milano. Dei hadde lagt merke til Energi5, og var nysgjerrige på å få vite korleis han som liten aktør klarte å få til sal over heile verda.

– Det var tydeleg uvanleg for deira underleverandørar å drive business over heile verda. Dei hadde stort sett forhandlarar som tok seg av den lokale marknaden. At eg som liten aktør kunne vise til sal over heile verda hadde dei ikkje opplevd før. Dei sa dei vart inspirerte. Utruleg kjekt, for eg meiner sjølv eg er ganske god på sal og det å tilpassa meg ulike typar kundar.

 

Inspirerer andre inkubatorbedrifter

Hos Atheno let dei seg imponere av kva Nour Elhattab har fått til i løpet av knappe to år.

– Nour er ein hardtarbeidande og målretta mann. Han har ein enorm arbeidskapasitet og er god både teknisk og på sal. Han gjer det godt internasjonalt, men slit samtidig med å nå ut til lokale bedrifter. Me håpar at den lokale marknaden no legg merke til kva Energi5 kan levere, for me veit at Nour har kvalitetsprodukt- og løysingar som høver for dei aller fleste innan elektro- og automasjonsbransjen.

 

Han synes det  er motiverande å ha ei bedrift som Energi5 i Atheno sin inkubator.

– Eg veit at han inspirerer andre selskap i miljøet vårt. Me gler oss til å følge han og Energi5 vidare framover, avsluttar Djuve.

 

 

Visste du at

  • Nour er født og oppvaksen i Kairo
  • Driv selskapet Energi5 frå Vabakkjen
  • Selskapet leverer produkt som reduserer energiforbruk i bygg m.m
  • Yngstemann i familie på fem
  • Spelte basketball aktivt i ungdomsåra
  • Tidleg teknisk interessert og fekk første laptop som gutunge
  • Tok 5 års ingeniørstudiar
  • Gjekk frivillig på språkskule i feriar
  • Kolliderte med Sara frå Kuwait
  • Tok på seg all skuld – og i dag er dei gift
  • Er pappa til tre
  • Brei sals- og leiarerfaring frå Vodafone og ABB i Egypt og Noreg
  • Leia inkubatorbedrifta Energi5 til millionomsetnad i første driftsår
  • Bur og trivest i einebustad i Sagvåg og har kontor hos Atheno på Verket