Er du vår nye kollega?

Atheno søkjer etter prosjektleiar i Atheno Inkubator.

Atheno er eit regionalt næringsutviklingsselskap, bygd på ei aktiv industribasert klynge og eit stort entreprenørielt arbeid knytt til oppstart, strategi og vekst i bedrifter. I dette arbeidet er Atheno sin inkubator heilt sentral. Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen.

Atheno har med sine over 30 år opparbeidd seg eit godt omdømme, og i prosjekta våre samarbeider me tett med ressurspersonar frå næringslivet. Me er fem engasjerte kollegaer som ynskjer oss ein klok og kunnskapsrik medarbeidar, som vil gjera ein forskjell for regionen vår med sitt engasjement og si erfaring.

Atheno Inkubator skal leggja til rette for at nyoppstarta bedrifter får forretningsrådgjeving, kontorplass, infrastruktur, opplæring og nettverk slik at dei lykkast best mogleg i etableringsfasen. Inkubatoren har lokaler i eit spanande innovasjonsmiljø på Verket. Stillinga vil også innehalda spanande arbeidsdagar rundt i regionen.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Utvikling og vekst i oppstartsbedrifter
  • Informasjon, marknadsføring og profilering mot potensielle bedrifter
  • Innovasjon og utviklingsarbeid i etablerte bedrifter
  • Koordinering og kontakt med samarbeidspartar
  • Utvikling av eigne prosjekt i inkubatoren, og saman med andre innovasjonsmiljø
  • Knyta gode relasjonar til medlemsbedriftene, kommunane og andre aktuelle samarbeidspartnarar i regionen.

Kvalifikasjonskrav
Du er ein engasjert person med relevant høgare utdanning fra høgskule eller universitet.

Du har erfaring frå prosjektleiing, kompetanse knytt til forretningsutvikling og gjerne internasjonal erfaring.

Det er i tillegg ynskeleg med relevant erfaring frå samarbeid i eller med næringslivet og utdannings- og forskingsinstitusjonar.

Me søkjer etter ein person som kan arbeida sjølvstendig, er utadvent og strukturert. Du må ha god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne, vera resultatretta og ha evne til samarbeid og relasjonsbygging. Personlige eigenskaper vil verta vektlagt.

Me tilbyr:

Konkurransedyktige betingelsar og gode utviklingsmoglegheitar i eit spanande miljø.

100 % fast stilling

Søknadsfrist
20. mai 2019. Det er ynskjeleg med tilsetjing snarast mogleg.

For meir info om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Astrid Kjellevold: astrid@atheno.no – 452 89 928