Sago satsar på djupt vatn

Det er den 21. januar 2016. Ein mørk og kald kveld på Fitjar. På Fitjar vidaregåande skule er lysa tent. For der inne held Atheno StartOpp-kurs for 10 deltakarar. Blant desse to er søstrene Sørvik. Lite anar dei og Atheno kva gründereventyr som er i emning. Og at dette skal bli ei av dei mest spennande inkubatorbedriftene i Noreg dei siste åra.

På Rubbestadneset ligg ein blå skjelskrapar. Den ruvar ved kaien. Dei tidlegare russiske eigarane har ikkje brukt mykje tid på vedlikehald. Den såg sliten ut då den kom til Bømlo. Men no er det andre tider. Nye norske eigarar og eit fiskeeventyr er i emning.

Tilnærma alt blir rive ut. Fartøyet skal renoverast og byggast om slik at det blir nytt frå inst til ytst. Det vert ein eineståande båt utstyrt med mange innovative løysingar, fortel Ingunn Elise Sørvik.

Ho er ikkje typen til å nytte seg av store ord. Men det er på det reine at det er eit lite stykke fiskerihistorie som no vert skrive ved kaien hjå Los Marine på Rubbestadneset. Og det er arbeidet i gründerbedrifta Sago Solutions som er årsaka til heile satsinga. 

Dette var absolutt ikkje er noko me såg for oss då eg og søster mi, Linn Solveig, deltok på kurset på Fitjar i 2016. Det har opna seg dører me ikkje visste om i utgangspunktet, så då gjeld det å gripa dei moglegheitene som oppstår.

Fiske på 2000 meters djupne

For på kurset på Fitjar hadde dei allereie nokre tankar. Faren deira, Omar Sørvik, hadde lang erfaring med fiskeri i krevjande havområder. Han hadde eit produkt som var under utvikling, men som han eigentleg hadde for lite tid til å halde på med. 

Han har fiska med line på 2000 meters djupne i Sørishavet i mange år. Problemet har vore at kval har ete opp opptil 75 % av fangsten som har stått på lina. Difor byrja han å utvikla fangstreiskapen Sago Extreme. Ei oppfinning som samlar opp fisken før kvalen får tak i den, og som reduserer svinnet til eit minimum.

Og medan faren hadde teke seg ein velfortent ferietur til varmare strøk tok altså døtrene turen på StartOpp-kurs med Atheno. Ole Jacob Eide var kurshaldar saman med Nina Østensjø den kvelden. 

Eg hugsar at me utfordra dei til ei praktisk oppgåve knytt til forretningsmodellering, og at dei arbeidde veldig engasjert saman i gruppe med industridesignaren Davide Lamparelli. Det var topp stemning. Men at dei på tre år skulle klare dette, – det må eg vedgå at eg ikkje såg for meg. Eg er imponert, fortel Eide.

Pappa visste ikkje noko om deltakinga den kvelden. Me hadde allereie byrja å planlegge korleis me kunne hjelpe han med utvikling og kommersialisering av Sagoen då han kom heim att. Eg trur han vart både glad og overraska.

Oppfinnar Omar Sørvik med fangstredskapen Sago Extreme

Nettverk og virkemiddelapparat

Ho fortel om ein engasjert familie der alle hjelper til, noko ho trur har vore nøkkelen til at dei har kome så lang på få år. Sjølv sa ho opp trygg jobb for å arbeide fulltid med Sago Extreme-prosjektet som har vore del av Atheno sin inkubator sidan 2016.

Å vere inkubatorbedrift og sitte tett på miljøet i Atheno har vore veldig bra for oss. Me har fått mykje god rådgjeving undervegs, og dei har knytt oss opp mot viktige personar i deira eige nettverk og virkemiddelapparatet. I tillegg er det veldig givande å sitte saman med andre gründerar og utveksle erfaringar!

Sago Solutions sine patent er sjølve nøkkelen til satsinga på den nye båten. 

Ved å finne ei potensiell løysing på fangst-svinnet, så såg eigarane av reiarlaget at det var eit heilt anna grunnlag for å kunne drive både økonomisk og berekraftig forsvarleg fiskeri etter tannfisk. Dette var avgjerande for at dei no ønskjer å satse i Sørishavet. 

Under ombygginga vert det og gjort ei forlenging av skroget for å få plass til ein Sago Combi Pool.

Du veit, det eine dreg med seg det andre. I arbeidet med å finne den ultimate måten å nytte Sago Extreme så vart Sago Combi Pool skapt. Konseptet tek også for seg fleire utfordringar knytt til fiskeriet, som drivis som øydelegg line-prosessen og problemet med at sjøfugl hektar seg fast på krokar medan dei jaktar agnet.

Sago Combi Pool er ein innvendig sette- og dragebrønn plassert akterut på fartøyet, og som i dette tilfelle blir brukt til liner. Linene vil då vere under vatn når dei går ut frå fartøyet. Me kan også kontrollere vatn-nivået i brønnen med justerbare opningar. 

Båten som er under ombygging

Internasjonale forskarar 

Båten som er under ombygging vert delvis eit forskingsfarty, med fleire laboratorium om bord. Reiarlaget er sunnhordlandsbasert på eigarsida og heiter Pesquera Azul Norge. 

Det vert i fyrste omgang ein pilotperiode på to år basert på samarbeid med kvote gitt av Uruguay. Innovasjon Norge er også ein viktig støttespelar i utviklinga av Sago Extreme, Sago Combi Pool og pilotfartøyet. Det vert både norske og internasjonale forskarar om bord når båten er forventa å gå ut frå Montevideo i Uruguay ved årsskiftet.  

Men fram til dess er det ikkje rom for noko 8-4 jobb. 

Det går fint, me har varierte og fleksible arbeidsdagar. Det er unikt å få arbeide med familien om dette. Og så er me jo omgitt av dyktige, engasjerte og støttande folk. Ikkje vanskeleg å finne motivasjon til å stå på ekstra då!

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………

Fakta/bakgrunn

  • 2016 – Ingunn Elise og Linn Solveig Sørvik deltek på eit StartOpp-kurs i regi av Atheno
  • Dei vil hjelpe faren med å utvikle hans innovative fiskereiskap Sago Extreme.
  • Fangstreiskapen skal beskytte fisk på line mot kval for å hindre svinn.
  • Pilottestinga vil skje på 2000 meters djupne i Sørishavet.
  • Selskapet Sago Solutions vert inkubatorbedrift og startar eit målretta arbeid mot produktutvikling og kommersialisering.
  • Sago Solutions AS inngår eit samarbeid med AS Fiskevegn i Måløy
  • 2018 – Ei av tre bedrifter nominert til prestisjetung innovasjonspris under Nor-Fishing.
  • Nyvinninga Sago Combi Pool vert designa.
  • Det sunnhordlandsbaserte reiarlaget Pesquera Azul Norge kjøper russisk skjelskrapar. 
  • 2019 – Båten er under totalombygging ved Los Marine i Rubbestadneset.
  • 2020 – Sago Extreme og Sago Combi Pool vert teken i bruk i det ombygde fartøyet.
  • 2020 – 2022 – Pilotperiode med fiske og forsking utanfor kysten av Uruguay.

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………

Verdien av å vere del av ein inkubator

Sidan 2016 har selskapet Sago Solutions med utspring i Dåfjorden i Fitjar kommune, vore aktiv deltakar i Atheno sin inkubator på Vabakkjen. 

Det er sjølvsagt fleire faktorar som påverkar at SAGO ser ut til å lykkast med sitt konsept. Men, eg vil framheva nokre hovudelement som har vore heilt avgjerande. Blant anna deira kompetanse om marknadsbehovet. Det at dei veit kva utfordringar bransjen har, og at dei har ei god løysing på desse utfordringane, seier inkubatorleiar Kjetil Djuve om Sago Solutions.

Djuve meiner også at Sago sitt eige nettverk i bransjen har vore svært viktig. Bransje-nettverket har vore avgjerande både i tidlegfase og seinare ved kapitalhenting og marknadsintroduksjon, meiner han. 

Det å tilhøyra ein inkubator har tilført dei eit utvida nettverk innafor områder dei naturleg ikkje hadde frå før, samt at dei har blitt utfordra på ting dei ikkje hadde nok kompetanse om. Eg vil også framheva teamet. Dei har satt saman eit team beståande av ulik kompetanse. Dette er både supplerande og gir dei felles løft, men også krevjande og gode diskusjonar undervegs i prosessen. Det har vore ein fornøyelse å kunna følga dette teamet og deira prosess så langt, avsluttar Djuve.

Ingunn Elise Sørvik og Kjetil Djuve

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………