Prosjektmidlar som gir nye moglegheiter

Denne veka vart det kjent at Atheno vart tildelt 1,6 million kroner i prosjektmidlar frå Hordaland Fylkeskommune. Prosjekta er arbeida med over tid, og tematisk dreiar det seg om innovasjonskompetanse, endringsleiing og revitalisering i verksemder.  

Eg er både audmjuk og glad for at Hordaland Fylkeskommune gir oss tilliten til å arbeide med dei prosjekta me no har rigga oss for, og som skal vere til nytte for industriklynga og andre ressursmiljø, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold,

Det at begge søknadane fekk tilsegn på full pott viser at det er arbeida godt på førehand, og ikkje minst at dette er viktig tematikk. Samla prosjektrammer er på over 4 million kroner, og prosjekta skal gå over det neste året. Det er god kultur for å samarbeide rundt denne typen prosjekt i Atheno si industriklynge, så ein byggjer vidare på lange tradisjonar slik sett.

Ein skal saman utvikla nye verktøy og metodikk, involvera og læra av «beste praksis» og la verksemdene sin kompetanse sjølv vera hovudressursen. Tanken er at det som her vert utvikla kan nyttast av andre miljø både i fylket og nasjonalt, avsluttar Kjellevold.

…………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………

Følgande strategiske innsatsområde låg til grunn i utlysinga:

Omstilling og nyskaping i industrien, tiltak for å skape ny vekst i etablerte SMB- bedrifter i industrien og tiltak som styrkjer industrien i arbeidet med ny teknologi, auka digitalisering og automatisering.