aDigital-workshop

Den 15.oktober og 19.november vert det arrangert til saman 4 ulike workshops i mogleggjerande teknologiar hjå Atheno på Verket.

Digitalisering endrar mange etablerte arbeidsprosessar og metodar i produksjon- og verkstadbedrifter. Og der det gir store moglegheiter for vekst og nyskaping i næringslivet, er det på same tid krevjande å tileigna seg kunnskap for å utnytte desse moglegheitene.

Den 15. oktober og 19.november vert det arrangert til saman 4 ulike workshops i mogleggjerande teknologiar hjå Atheno på Verket. Her får du innsikt i nye teknologiar, deira bruksområde, og korleis dei kan generere verdi i di bedrift eller for ditt produkt. 

Det blir introduksjon av ulike robotteknologiar, Augmented- og Virtual-Reality teknologiar, sensorteknologiar og digitale vedlikehaldsverktøy. Målet er å gje auka innsikt i dei ulike teknologiane slik at du lettare kan sjå nytteverdi og moglege bruksområder.

Workshoppane vert arrangert av Atheno i samarbeid med Mechatronics Innovation Lab, – ein teknologi-katapult som er del av den nasjonale infrastrukturen for pilottesting og eksperimentell utvikling av produkt, system og tenester.Katapulten har som formål å styrke industrien si innovasjonsevne ved å tilby ei rekke testtenester som i dag ikkje finnest i Noreg.

Ynskjer du meir info om program, prisar eller påmelding?  Ta kontakt med agnete@atheno.no.

NB! Det er eit avgensa tal på plassar. Så meld deg på raskast mogleg.