Inkubatorbedriftene leverte varene på DNB NXT

Dei unge selskapa Sunnhordland Technologies, Nuen og Podtown er alle inkubatorbedrifter hos Atheno. Onsdag var dei på scena i Haugesund.

Dei unge selskapa Sunnhordland Technologies, Nuen og Podtown er alle inkubatorbedrifter hos Atheno. Onsdag var dei på scena i Haugesund.

Det er ikkje tvil om at dei tre bedriftene gjorde sine saker svært bra på DNB NXT, seier inkubatorleiar Kjetil Djuve.

Saman med kollega Ole Jacob Eide var han Atheno sin representant i arrangementskomiteen. Møteplassen DNB NXT er eit samarbeidsprosjekt der DNB er i førarsetet og Atheno, Validé og Gründerloftet i Haugesund er aktive medarrangørar.

Dette er ein stad der ein får inspirasjonsforedrag, og lokale gründerar får presentere seg for moglege investorar og samarbeidspartnarar. Det var 140 personar i salen, så det er ikkje tvil om at dette er ein bra plass å få vise seg fram, konkluderer Djuve.

Godt samarbeid

Byscenen i Haugesund var lokalitet for årets arrangement.

Me byrjar å finne ei god form på dette no. Dette var fjerde gong inkludert det flotte arrangementet på Stord i fjor. Mange gode tilbakemeldingar no i etterkant underbyggjer dette. Me er svært nøgde med både arrangementet og det gode samarbeidet med Atheno og dei andre aktørane i komiteen, seier Hanne Beate Grutle i DNB.

Kurt Magne Kvernøy i Sunnhordland Technologies heldt ein framifrå presentasjon frå scena i Haugesund.

Synergieffekt

Ho ser allereie mot neste år.

Eg håpar verkeleg at me kan gjenta dette også neste år og at Atheno blir med laget i 2020, seier Grutle vidare.

Me er positivt innstilt til å bli med vidare. Samarbeidet har vore veldig bra begge åra. Me får løfta fram lokale gründerar og ser samtidig at dette gir Atheno positive synergiar mot ulike aktørar på Haugalandet. Ein god kombinasjon, avsluttar Ole Jacob Eide i Atheno.