Strategisamling i Atheno-styret

Sist veke heldt det nye styret i Atheno strategisamling saman med dei tilsette. Stikkord som nettverk, tillit, kompetanse, samhandling og gründerskap sto sentralt i diskusjonane. 

Sist veke heldt det nye styret i Atheno strategisamling saman med dei tilsette. Stikkord som nettverk, tillit, kompetanse, samhandling og gründerskap sto sentralt i diskusjonane. 

Som i alle andre bedrifter skjer det endringar i styresamansetninga frå tid til annan. Slik er det også i Atheno. Under generalforsamlinga tidlegare i år vart Steinar Røgenes (Kværner), Liv Reidun Grimstvedt (HVL), Svein Hatlevik (Sunnhordland Eiendomsinvest), Lars Magne Eidesvik (Eidesvik Havfiske) og Johan Berg (Hydro Husnes) vald inn som nye medlemmer i styret i tillegg til dei som sit der frå før.

Me har eit svært kompetent styre, der alle sit i sentrale posisjonar hos medlemsbedrifter og  samarbeidspartnarar. I samband med strategisamlinga fekk dei nye styremedlemmane meir inngåande kunnskap om selskapet, og me fekk gode meiningsutvekslingar om retninga for Atheno i tida som kjem, fortel dagleg leiar Astrid Kjellevold.

Det var stort engasjement og eit tydeleg fokus på kva Atheno kan gjere for medlemsbedriftene, kommunane og næringslivet i regionen.

For oss er det svært viktig å vere ein aktør som kan utgjere ein forskjell. No skal styret gjere prioriteringar som vert førande for det vidare arbeidet. Me i staben gler oss til å tak i ny oppgåver og moglegheiter, avsluttar Kjellevold.

På bilete frå venstre: Astrid Kjellevold (Dagleg leiar Atheno), Lars Solberg (Styreleiar), Oddrun Englund (Siva), Børge Pedersen (Vågen), Hilde Indresøvde (VIS), Johan Berg (Hydro Husnes), Svein Hatlevik (Sunnhordland Eiendomsinvest), Steinar Røgenes (Kværner), Atle Tranøy (Fellesforbundet), Arthur Arnesen (Hordaland Fylkeskommune).

PS! Lars Magne Eidesvik og Liv Reidun Grimstvedt var ikkje til stades då bilete vart teke.