NÆRINGSAMLING PÅ TYSNES

Det nye næringsrådet på Tysnes inviterer til næringssamling 27.november på Mandelhuset, Våge

Nye Tysnes Næringsråd inviterer til næringssamling 27. november.

Møtestaden er ei vidareutvikling av samlingane Tysnes kommune og Atheno har arrangert dei siste åra. Gode støttespelarar i nysatsinga er Tysnes Kraftlag og Tysnes Sparebank.

Det har lenge vore eit ynskje om å skapa meir samhandling i næringslivet på Tysnes. Med desse samlingane kan me skapa ein fast møteplass for etablerte verksemder, for dei med gründerdraumar, og for alle dei som generelt er interessert i samfunn- og næringsutvikling, seier leiar i det nye lokale næringsrådet, Børge Pedersen.

Næringssamlinga finn stad på Mandelhuset. På programmet er lokale namn som Ove Rosvold, Terje Sløgedal og Børge Pedersen sjølv. 

Deltakarane vil blant anna få høyre om kva moglegheiter det lokale næringslivet har i det grøne skiftet. Det vert også spennande å få innblikk i kva skilnad «Blå skule» gjer for elevane på Tysnes, fortel dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.

Ho lovar også ei spennande gründerhistorie frå Sunnhordland.

I Atheno sin inkubator har me ei bedrift som går motstraums og satsar på lokal møbelproduksjon. «Nuen» er historia om familien som sa opp trygge jobbar og selde leilegheita i Oslo for å satse alt på møbeldesign frå Huglo, fortel Kjellevold vidare.

Kjellevold og Pedersen ynskjer at denne og kommande næringssamlingar skal vere ein arena som skapar entusiasme, og peikar på at det er viktig at folk som bryr seg om lokal næringsutvikling stiller opp.

Me har eit uforløyst potensiale til å få til enno meir på Tysnes. Då må me møtast og snakka saman. Eg ser fram til å møta mange med engasjement for næringslivet på Tysnes, avsluttar Børge Pedersen.

Arrangementet er gratis og ope for alle, men det vert oppmoda om å sende inn påmelding til agnete@atheno.no.

Her finn du meir info om program