Arbeidslivet i heile Sunnhordlandsregionen har utfordrande dagar. Me ynskjer så langt det let seg gjere å gje utvida rådgjeving til bedrifter som no opplever store endringar i arbeidskvardagen.
- Me har ingen kvikkfiks på den enkelte bedrift sine utfordringar, men me har rigga eit fagteam som vil rådgje i forhold til den kompetansen og det store nettverket me har, fortel dagleg leiar Astrid Kjellevold i Atheno. Me arbeider tett med medlemsbedrifter og inkubatorbedrifter, og me ynskjer også å hjelpe andre så langt det let seg gjere, fortel ho vidare.
Du kan lettast nå oss i Atheno via telefon og mail. Sjå eiga fane her på nettsida. Me oppmodar også alle til å ta i bruk dei digitale løysingane til NAV.no og ulike bransjeorganisasjonar. Dette er enkelt og effektivt i fyrste runde.