God likviditetsstyring og kostnadskontroll er avgjerande i ein krisesituasjon.

Atheno inviterer til webinar om likviditetsstyring i krisetider

Covid-19 har gitt utfordringar i ulik grad. Nokon har vorte hardt ramma og mista heile eller store delar av inntekta si. God likviditetsstyring og kostnadskontroll er avgjerande i ein krisesituasjon

Torsdag7.mai klokka 10.00 inviterer Atheno til webinar om likviditetsstyring i krisetider.

På dette webinaret vil Marianne Aarbø i Tveit Regnskap gå gjennom dei viktigaste punkta ein må tenke på. Webinaret er effektivt, rett på og nyttig, og tek utgangspunkt i korleis kundar og rådgjevarar i Tveit Regnskap jobbar med likviditetsstyring. 

I webinaret deler kurshaldaren eit enkelt rammeverk av «beste praksis»:

  • Leiing: Korleis tenke, organisere og leie bedrifta ut av likviditetsuføre
  • Analyse: Forstå den økonomiske situasjonen og lag likviditetsbudsjett
  • Tiltak: Tips og råd til tiltak for å styrke bedriftas likviditet
  • Spørsmålsrunde.

Webinaret er på omlag 1 time, der dei siste 15 minuttane er satt av til spørsmål frå deltakarane.

Påmelding via skjema: Påmeldingsskjema

Fristen for påmelding er onsdag klokka 18.00. 

Har du problemer med påmeldingsskjemaet? Ta kontakt med agnete@atheno.no