Nytt tiltak for å unngå at bedrifter går konkurs

Atheno arrangerer Webinar i samarbeid med Stord Næringsråd og advokatfirmaet Responsa, for ei grundig gjennomgang av moglegheitene som den nye lova kan gi, og kva utfordringar som kan oppstå.

Regjeringa foreslår ein midlertidig lov om rekonstruksjon av bedrifter som har økonomiske utfordringar.

Det er eit mål for norske myndigheiter at bedrifter som elles er sunne og levedyktige ikkje går konkurs som følge av likviditetsutfordringar.

Regjeringa har difor foreslått ein ny midlertidig lov om rekonstruksjon av bedrifter som har økonomiske utfordringar (Rekonstruksjonsloven).

Om dette skriver Regjeringa:

«Hovedformålet med lovforslaget er å redusere risikoen for unødige konkurser i levedyktige virksomheter som er rammet av en akutt svikt i inntektene som følge av utbruddet. Effektive rekonstruksjonregler kan bidra til at bedrifter som under normale omstendigheter er lønnsomme, i større grad kan reddes og arbeidsplasser og verdier sikres.»

Den nye loven er meint å sikre at bedrifter, som har eller vil få store økonomiske problem, på eit tidleg tidspunkt kan be om bistand til å finne gode løysingar.

Gjennom ein «rekonstruksjon» av bedrifta kan man sikre vidare drift slik at bedrifta unngår konkurs og arbeidsplassar kan reddast.

For Atheno og Stord Næringsråd det viktig at våre medlemmer får best mogleg informasjon og bistand til å takle konsekvensane av Covid-19. 

Me ynskjer å vere i forkant.

Me inviterer difor til webinar måndag 4.mai klokka 09.00 der våre medlemmer vil få ei grundig gjennomgang av moglegheitene som den nye lova kan gi, og kva utfordringar som kan oppstå ved gjennomføring av ein rekonstruksjon.

Tema som blant anna vert tatt opp:

  • Kva er rekonstruksjon?
  • Kva skil rekonstruksjon frå de reglene om gjeldsforhandling?
  • Kven kan be om ein rekonstruksjon?
  • Kva skal til for å få opna rekonstruksjonsforhandlingar?
  • Kva ein rekonstruksjonsplan kan gå ut på?
  • Styring og myndigheit i rekonstruksjonsperioden?
  • Korleis sikre drifta undervegs?
  • Kreditor si rolle og kva rettigheiter har kreditorane under ein rekonstruksjon.
  • Gjennomføringa av rekonstruksjonen

Målgruppe for seminaret er alle våre medlemmer som har eller meiner dei vil få større økonomiske utfordringar som følge av Covid-19. 

Kurset er også særs aktuelt for bankar og kreditorar (typisk leverandørar) som er på «kreditorsida» av ein rekonstruksjon.

Foredragsholdere vil være advokat /partner Sturla Vik-Vestly og advokat/partner Kjell Petter Neset i Advokatfirmaet Responsa AS.

Sturla Vik-Vestly har kontraktsrett og forhandlinger som sitt spesialområde. Han vil i sin presentasjon ta «samfunnsperspektivet» og gå gjennom rekonstruksjonen sett fra samfunnet og bedriftens ståsted.

Kjell Petter Neset har selskapsrett og insolvensrett som sitt spesialområde. De nye reglene griper til dels kraftig inn i kreditorenes alminnelige rettigheter, og i sitt foredrag vil Neset ta «kreditorperspektivet» og vil i større grad se med kritisk blikk på de nye reglene.

PÅMELDING VIA SKJEMA: Påmeldingsskjema

Opplev du problem med påmeldinga? Ta kontakt med aase@atheno.no