Me søkjer ny kollega

Vil DU bli  prosjektleiar i Atheno?

Atheno sin aktivitet aukar stadig, og me ynskjer fleire med på laget.

Me søkjer deg som har interesse for bedrifts-, nærings- og samfunnsutvikling med eigne tankar omkring korleis morgondagens industri/næringsliv vil sjå ut. Som prosjektleiar i Atheno kjem du til å bistå nye og etablerte bedrifter med innovasjon, utvikling og vekst. Det er stor breidde i arbeidsoppgåver, og ein må ha stor arbeidskapasitet, vera sjølvgåande og initiativrik. DU vert ei viktig brikke i arbeidet med å vidareutvikla det rike næringslivet i Sunnhordland mot bærekraft og verdiløfte. 

Me tilbyr: 

  • Ein sjølvstendig, dynamisk og utfordrande arbeidskvardag. 
  • Eit arbeid som gir meining; hos oss vil du arbeida tett saman med menneske som utviklar morgondagens løysingar.
  • Store moglegheita for å vera med å påverka. 
  • Konkurransedyktige lønns-, pensjons- og forsikringsavtalar. 

Arbeidsoppgåvene DINE vert: 

  • Utvikling og vekst i oppstartsbedrifter.
  • Innovasjon og utviklingsarbeid i etablerte bedrifter.
  • Informasjon, marknadsføring og profilering mot potensielle bedrifter.
  • Koordinering og kontakt med samarbeidspartar og verkemiddelapparat.
  • Utvikling av eigne prosjekt i inkubatoren, og saman med andre innovasjonsmiljø (bl.a NCE Maritime Clean Tech, Katapult, VIS)
  • Å skapa gode relasjonar til medlemsbedriftene, kommunane og andre aktuelle samarbeidspartnarar i regionen.

Kvalifikasjonar: 

DU er ein engasjert person med relevant kunnskap og erfaring.

DU har gjerne erfaring frå prosjektleiing, kompetanse knytt til forretningsutvikling og internasjonal erfaring.

Om DU har erfaring frå samarbeid i eller med næringslivet og utdannings- og forskingsinstitusjonar så er det fint.

DU er sjølvstendig og utadvendt. Du må kunna arbeida strukturert samstundes som du har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. 

Kunnskap kan me læra deg men personlege eigenskapar tar du med deg!

Om Atheno

Atheno er eit regionalt næringsutviklingsselskap, bygd på ei aktiv industribasert klynge og  stor entreprenøriell kompetanse knytt til oppstart, strategi og vekst i bedrifter. I dette arbeidet er Atheno sin inkubator sentral. Atheno skal bidra til å fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen. Atheno har med sine over 30 år opparbeidd seg eit godt omdømme, og i prosjekta våre samarbeider me tett med ressurspersonar frå industrien.

Søknadsfrist: 16. august

For meir info om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar Astrid Kjellevold: astrid@atheno.no / 452 89 928