SIVA aukar sin eigarpost i Atheno

Det statlege føretaket Siva aukar eigardelen i Atheno AS frå 4,4 til 11,2 prosent, og blir med det nest største aksjonær. Det lokale næringsselskapet ser på Siva sitt ynskje om større eigarpost som ei stor tillitserklæring.

Atheno inngår i Sivas portefølje av innovasjonsselskap med tilhald og aktivitet i heile landet. Innovasjonsselskapa spelar ei nøkkelrolle i den nasjonale infrastrukturen for innovasjon og næringsutvikling som Siva har eit ansvar for å vidareutvikle. Siva melder i samband med aksjepostutvidinga at Atheno AS er eit viktig innovasjonsselskap i Sunnhordaland som bidrar til å utvikle nytt næringsliv, og som har tette koplingar til store industriaktørar i regionen. 

  • Me ser frem til å bidra vidare som aktiv eigar og med styrerepresentant til utviklinga av selskapet. Atheno er eit strategisk viktig innovasjonsselskap i vår portefølje, seier Kjerstin Spjøtvoll, innovasjonsdirektør i Siva.

I Atheno vert Siva sitt engasjement og vilje til å auke eigarposten oppfatta som ei stor tillitserklæring. 

  • Me gler oss stort over at Siva no ynskjer å auka sin eigardel i Atheno. Vår oppleving er at Siva allereie er ein viktig eigar. Det at dei no meir enn doblar sin eigarpost er eit positivt signal og ei tillitserklæring om at Atheno vert rekna som eit viktig selskap å vera del av. I tillegg til at Sunnhordland er ein strategisk viktig region å vera til stades i, seier dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold.

SIVA har dei siste 16 åra vore ein aktiv eigar i Atheno. Sidan det vart etablert inkubator hjå Kværner i 2004 har SIVA bidrege i utvikling- og omstillingsarbeid i Sunnhordlandsregionen med kapital, kompetanse, nettverk og styrerepresentasjon.

——————-

Visste du at

SIVA er eit statlig føretak som er det viktigaste bindeleddet mellom landet sine innovasjon- og utviklingsaktørar. Mandatet er å skapa sterke miljø for næringsutvikling og verdiskaping gjennom målretta investeringar, eigedomsutvikling og tilrettelegging for innovasjon. I dag utgjer innovasjonsselskap over heile Noreg ein infrastruktur som legg til rette for auka verdiskaping gjennom ulike næringsretta tenester og verkemiddel.