Supre unge idear frå Sunnhordland

Elevane fekk ein unik lærdom då dei presenterte ungdomsbedriftene sine for næringsutviklarane i Atheno under årets Syretest i Sunnhordland sist veke. Rådgjevarane var imponert etter presentasjonane og konkluderer med at framtida for norsk entreprenørskap ser lys ut.

På syretesten skal ungdomsbedrifter møte representantar frå lokalt næringsliv. Målet er klart –  elevane skal få hjelp til å få ideane sine vidare inn i marknaden. Dei får tilbakemeldingar på kva som er bra, – og rettleiing på kva dei bør fokusere på framover. 

  • Syretest var fantastisk bra. Elevane var veldig nøgde med arrangementet og synes at det var nyttig å kommunisere med rådgjevarane og få gode innspel på vidare arbeid. Det er så utruleg flott at Ungt Entreprenørskap arbeider på denne måten. Det å kunne få andre relevante fagpersonar inn i klasserommet gir ein heilt unik lærdom, fortel Julie Holmedal Askeland som er lærar ved Kvinnherad vidaregåande skule. 

Dei hadde meldt på fleire ungdomsbedrifter under årets syretest.

Kunnskapsløft om entreprenørskap og Kvinnherad

Lokalspel UB var ei av dei som deltok på arrangementet. Ideen deira handlar om å auke kunnskapen om Kvinnherad kommune på en underhaldande måte. Daglig leder Kristian Steinsvik fortel kva dei har arbeida med så langt og korleis dei hadde forberedt seg.

  • Før syretesten måtte me tenke godt igjennom kva me eigentleg skal levere i bedrifta, kva me held på med og kor me er i løypa, fortel Steinsvik.

Økt innovasjon og verdiskapning

Rådgjevarane som hjelpte ungdomsbedriftene er tilknytta Atheno.

  • Syretest er ein gåvepakke til elevane og er veldig nyttig for å vidareutvikle ungdomsbedriftene. Arrangementet var utrolig kjekt. Ungdommane var supergodt forberedt, og teknisk gjekk det som ei kule. Det var imponerande å sjå kva ungdommane hadde fått til på ein månad. Både når det gjeld forretningsplaner, marknadsarbeid og presentasjonar. Ungdomsbedriftene var veldig lydhøre for tilbakemeldingar og kom med gode motspørsmål for å kunne vidareutvikle ungdomsbedrifta, oppsummerer Nina Østensjø. 

Ho er prosjektleder for Ungt Entreprenørskap Vestland og rådgjevar i Atheno.

Framtida ser lys ut

Inkubatorleiar Kjetil Djuve og prosjektleiar Nils Kjetil Haukanes frå Atheno var også imponert over arbeidet som var lagt ned og engasjementet til ungdomsbedriftene.

  • Herlig å kjenne på energien ungdommen frigjer gjennom sitt arbeid i ungdomsbedriftene. Bare det at de har denne energien er eit fantastisk innsal for bedrifta. Det er tydelig at dei har jobba med forståing for kunden og for marknaden, seier Kjetil Djuve.

Nils Kjetil Haukanes har stor tru på vidare arbeid og framtidas entreprenørar.

  • Eg er mektig imponert over strålende ungdom. Framtida for norsk entreprenørskap er lysande. Det at dei alle har bærekraft sentralt i forretningsideane er lovande i seg sjølv, seier Haukanes. 

No er alle tre syretestane gjennomført i Vestland. Neste steg er Fylkesmeisteskapet i mars. 

På bilete: Rådgjevarane Kjetil Djuve, Nils Kjetil Haukanes og Nina Østensjø frå Atheno rettleia elevane via Teams i samband med syretesten.