Møt Innovasjon Norge og Forskningsrådet 12. november

Har du ein god forretningsidé eller eit nyskapande prosjekt der du vurderer å søkje Innovasjon Norge og/eller Forskningsrådet om midlar? Innovasjon Norge og Forskningsrådet skal ha digital kontordag hjå Atheno den 12.november. 

Dagen vert innleia med felles informasjonsmøte kl.09-10. Deretter er det satt av tid til 1:1 møter med dei, der du kan få presentere din idé. Egne avtaletidspunkt vert sett opp for desse møtene. Det vert og mogleg å få samtale med Rannveig Litlabø frå Mohnsenteret denne dagen.

Spesifiser om du vil delta på Informasjonsmøtet og/eller 1:1 møte, og ta kontakt med Kjetil Djuve i Atheno for meir info og påmelding:  kjetil@atheno.no

Teams-innkalling vert sendt ut dagen før.