Det året det var så bratt

På kinesisk finn me to ulike teikn – som begge tyder krise: Det eine står for fare, og det andre står for moglegheiter.

Og kanskje det er ei god beskriving av korleis me har me opplevd året 2020? Eit år der moglegheiter og nye måtar å tenkje på har vore ein del av kvardagen, parallelt med bekymring og uro for framtida.
 
Meteren og kohorten
Me har hatt året der me alle har lært oss nye ord. Sjølvsagt årets ord: coronaen! Men også: spriting, nyseskam, meteren og ikkje minst den omdiskuterte kohorten. Kven er i kohort, kor mange er der og kva ligg det eigentleg i at «Dei som bur aleine kan maks ha tre personar dei er fysisk nær»? Rom for definisjonar har gitt mange gode debattar.
Eit år fullt av uro og bekymring, men også mykje å undra seg over og le litt av.
Det sikre er at både me og våre born i framtida vil hugse og vera prega av dette annleisåret.
 
Zoom og slikt
Me har hatt eit år der mange bedrifter fortel om ny meistring. Enorme digitale erfaringssteg har vorte gjennomført, der Teams, Zoom, webinar og nye samarbeidsflater er utvikla. Lett ispedd små og store humoristiske tabbar på vegen.
Ei anna side er dei som fortel om tøffe erfaringar med overgang til heimekontor, frustrasjon, einsemd og krevjande løp for å få til nye arbeidsformer. Eller alle dei aktørane som har erfart nedstenging, endra kundebilete eller berre at alt vert generelt sett tungt å løyse.
 
Ein pris å dele
Atheno går ut av 2020 med mykje erfaring i ryggsekken, saman med ein pris som me sette stor pris på: Handlekraftprisen som me fekk frå Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Ein pris me på alle vis ynskjer å dele med mange andre – små og store verksemder, offentlege og private aktørar. Handlekraft har prega så mange i 2020.
Atheno har eit tydeleg mandat frå sine eigarar på å arbeida med å styrka næringslivet. Og det er eit hovudmål at vår region skal vera blant landets sterkaste innan konkuranskraft og bærekraftig verdiskaping.
 
Krisa som og vart ein katalysator
Ein av dei viktigaste berebjelkane i Atheno er samarbeid og samspel, noko som har lagt til grunn i selskapet si 33 år lange historie. Eit fundament som har skapt mange gode felles prosjekt, og felles arena for erfaring -og kompetansedeling. I 2020 har dette vore viktigare enn nokon gong, for saman med koronaepidemien kom også lav oljepris, og ei krise som har vorte ein katalysator for auka tempo og omstilling. 
Samla sett vart det ekstra viktig med godt og tett samspel og effektive hjelpetiltak. Ulike lokale og regionale tiltaksgrupper vart etablert, og gode felles løysingar mellom det offentlege og næringslivet har vore avgjerande for mange.
 
Det grøne skifte er i gong
Næringslivet vårt står føre krevjande omstilling frå olje og gass til nye bransjar. Me må jobbe saman for å lukkast, og me utfordrar både oss sjølv og andre til å tenkje nytt når det kjem til alliansar og samspelspartar. Kompetansen frå olje og gassindustrien er ein unik innsatsfaktor i det grøne skiftet. Me har eit framifrå fundament, på same tid må me ta innover oss alvoret, kva konsekvensar det får og ikkje minst at dette ikkje er noko «som ligg langt der framme». Dette gjeld no, og det gjeld oss.
 
Takk til deg som
Når me no er i slutten av eit år, og på startstreken til eit nytt – har me lyst til å gi ein spesiell takk til eit bredt definert arbeidsliv som har fått kjørt seg på så mange områder.
 
Og ein spesiell takk til deg som: 

  • Har vore med i frontlina, når så mykje anna har stoppa opp.
  • Har våga å tenkje nytt, og formidla framtidstru.
  • Skaper nye arbeidsplassar, og vågar satse.
  • Har sett styrken i samarbeid og i det å løfta fram andre.

 
På vegne av Atheno ynskjer eg alle ei fin julehøgtid.
 
Astrid