Atheno har rigga eit digitalt kompetanseprogram for reiselivsbedriftene i regionen vår som skal arrangerast frå midten av mars til midten av juni.
Spørsmålet er:
Kor skal vi reis hen?
Du har kanskje høyrt setningen på NRK Påskelabyrinten? Sanninga er at utsagnet er meir aktuelt enn nokon gong. For kor skal me nordmenn reise i år? Og kva skal reiselivsbedriftene tilby kundane?
Det digitale kompetanseprogrammet til Atheno – «Frå krise til vekst» – vil sette eit positivt moglegheitsfokus på dette. Me har fått med oss kurshaldar Morten William Knutsen frå BI til gjennomføringa. Eit fyrverkeri av ein foredragshaldar og ein kunnskapsrik motivator som kan hjelpe di bedrift til å gjere grep som gjer ein forskjell!
Programmet går over 4 månader (ei digital samling pr mnd). Her tek me for oss:
1. Kriseutnyttelse & Kreative prosessar for å utnytte kriser
2. Datadriven kundeinnsikt
3. Digital forretningsforståing
4. Digitale marknadsføringsstrategiar
Pris pr. bedrift kr. 5000,- (det er opning for fleire deltakarar frå same bedrift til same pris)
Stord kommune har gjennom kommunalt næringsfond har valt å dekke kostnadane til bedrifter frå Stord.
For påmelding eller meir informasjon kontakt nina@atheno.no