Stord kommune har fått tildelt kr 4 495 920,- som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Kven kan søkje/kriterar:
- Lokale verksemder som har falle heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane og som kan dokumentera inntektstap og/eller særlege kostnader som følgje av pandemien, skal ha prioritet.
- Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av kapitalbehovet og det skal aldri overstiga 75 prosent. Det kan maks søkjast om kr 300 000.
- Tilskota skal gjevast som bagatellmessig støtte.
Korleis søkje:
Søknad skal skje gjennom www.regionalforvaltning.no. Ordninga finn du under «Kommunal kompensasjonsordning Stord».
Det er viktig at de legg ved dokumentasjon på tap/kostnader bedrifta har hatt grunna covid-19.
Vurdering av søknadar
Atheno vil på vegne av Stord kommune handsama søknadane og gje ei tilråding til formannskapet. Saka kjem opp i formannskapet 9 juni 2021.
Søknadsfrist: Siste frist for innsending av søknad er 1. mai.
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, kontakt Reidun Rykkje i Atheno. reidun@atheno.no // 917 45 102